Sett:  Leonbergeren Elvis vart etter alt å døma sett i skogen på Veesida i Øvre Årdal søndag kveld. Privat foto
Sett: Leonbergeren Elvis vart etter alt å døma sett i skogen på Veesida i Øvre Årdal søndag kveld. Privat foto

Turgåarar har sett Elvis

Den forsvunne leonbergeren er ikkje komen til rette, men han vart observert søndag kveld på Veesida i Øvre Årdal.

Årdal: – Det var to turgåarar som gjekk mot kvarandre i skogen på Veesida, og begge såg ein hund. Den eine såg bakparten og den andre heile hunden. Me er nesten heilt sikre på at det var Elvis utifrå skildringane deira, fortel eigar Jane-Kristin Lindstrøm-Bolme.

Forsvann vidare opp i skogen

Leonbergeren Elvis forsvann laurdag ettermiddag frå hundepensjonatet i Fardalen. Lindstrøm-Bolme har fått med seg mange på leitinga etter den to år gamle hannhunden. Funn av pels i ein sti ved første svingen på Tindevegen måndag morgon tyda på at hunden var på veg mot sentrum i Øvre Årdal, men observasjonen søndag kveld går altså i retning av at han alt då hadde kryssa over til sørsida av sentrum.

– Turgåarane såg hunden klokka kvart på ni på kvelden, men han brydde seg ikkje om dei og forsvann vidare oppover skogen. Etter det veit me ikkje meir, seier Lindstrøm-Bolme.

Har besøk av to andre leonbergarar

Ho fortel mange trur at Elvis er komen heim, men det stemmer ikkje.

– Me har besøk av to andre leonbergarar, så fleire har spurd om me har fått hunden vår attende. Men det har me diverre ikkje.

– Observasjonen søndag gir vel håp om at han kjem til rette?

– Det gjer det absolutt. Og eg må få takka alle som har hjelpt oss med leitinga. Folkehjelpa har vore framifrå, me set så stor pris på det. Andre seier til oss at dei trur han er i live og det gir oss håp om at dette endar godt.

Elvis er ein stor hund på om lag 65 kilo, brunsvart farge. Ser du ein herrelaus hund som kan passa med skildringa, ta kontakt med politiet på telefon 02800.  

Til toppen