SPEL PÅ LAG: – Årdøler skal stola på at turismen i Årdal er oppegåande og framtidsretta, skriv Erling Eggum, drivar Klingenberg Hotel og Utla Kafé og Bar. Foto: Ina Eirin Eliassen
meiningar
SPEL PÅ LAG: – Årdøler skal stola på at turismen i Årdal er oppegåande og framtidsretta, skriv Erling Eggum, drivar Klingenberg Hotel og Utla Kafé og Bar. Foto: Ina Eirin Eliassen
meiningar

Turisme i Årdal

Les kommentaren av Erling Eggum, drivar av Klingenberg Hotel og Utla Kafé og Bar, der han tek ein oppklaringsrunde om turisme i Årdal. 

  • Endret

I aviser og nettaviser har det i den seinare tid vore omtale av reiselivet i Årdal. Omtalen handlar mellom anna om misnøye med turistinformasjonen og feil på eit kart. Dette har ført til at eg har fått ein del tilbakemeldingar frå både privatpersonar og reiselivsaktørar i Årdal.

Det er aldri kjekt å få kritikk. Det er likevel ikkje noko problem å tola den og å prøva å gjera noko med den. 

Nokre meinar at omtalen er flisespikkeri frå surmaga pensjonistar som ikkje har anna å gjera, eller at det er snakk om ei nettavis som tykkjer det er greit å bedriva mobbing for å halda på lesarane i ei agurktid, medan andre igjen meinar at det her er snakk om positiv kritikk for å gjera reiselivet i Årdal betre. Eg er sikker på at det er det siste som er tilfelle. Det er aldri kjekt å få kritikk. Det er likevel ikkje noko problem å tola den og å prøva å gjera noko med den. Men det er også viktig at kritikken er basert på fakta. Eg prøver meg med ein oppklaringsrunde.

Organisasjon og mangel på turistvert

Grunnen til at me ikkje lenger har turistvert i Årdal, er at vår nye regionale organisasjon, Visit Sognefjord, vil prioritera bruken av dei økonomiske resursane annleis enn før. Midlane skal brukast der salet skjer, d.v.s. ute i verda og i mindre grad her heime. Sjølvsagt må ein ta seg av turistane når dei er her, på ein god måte, og såleis få gjensal og best mogeleg omtale, men det er naturleg at innsatsen vert sett inn der effekten er størst. Eit anna moment er at turistane i dag orienterar seg mykje på nettet og såleis ikkje i same grad som før, har bruk for hjelp. Konsekvensen er at kun 3 av 17 turiststader i Sogn har turistvertar / fast tilsette og 4 har ikkje organisert turistinformasjon i det heile. Øvre Årdal og Årdalstangen er med andre ord i same situasjon som 10 andre stader der turistinformasjonen ligg i tilknytning til anna verksemd der dei tilsette tek informasjonsarbeidet i tillegg til dei øvrige funksjonane dei har.

Nysatsing

Det er alt er lagt ned mykje arbeid for å fremja turismen i Årdal og som drivar av Klingenberg Hotel torer eg påstå at ein langt på veg har lukkast. Sommarsesongen er særs viktig for at me på årsbasis skal ha ein sjanse til å kome ut med eit akseptabelt resultat. Så når Årdal Kommune og Årdal Utvikling kjem med gladmeldinga om at dei vil ta del i satsinga på reiseliv, sannsynlegvis også saman med Innovasjon Noreg, så er det ei nysatsing. Mykje av grunnlaget er på plass og det er vel difor det no vert satsa. Det tek nok litt tid før ein ser resultatet av satsinga og fyrst av alt må jo arbeidet koma igang.

Årdøler skal stola på at turismen i Årdal er oppegåande og framtidsretta

Årdøler skal stola på at turismen i Årdal er oppegåande og framtidsretta. Det vert arbeidt på dei arenaene der det gjev mest effekt. Informasjonsarbeidet lokalt skal me likevel halda fram med, og gjera så godt som mogeleg innanfor dei rammene me er gjevne økonomisk. Feila våre skal me retta opp etter kvart. Spel på lag med oss og ta kontakt når som helst med underskrevne for innspel og diskusjon.

Til toppen