HANDMJØLKING: To gonger om dagen mjølkar elevane geitene ved Sinjarheim. Alle foto: Sogn jord- og hagebruksskule
HANDMJØLKING: To gonger om dagen mjølkar elevane geitene ved Sinjarheim. Alle foto: Sogn jord- og hagebruksskule

– Turistane set uendeleg stor pris på å få oppleva ysting

Elevar ved Sogn jord- og hagebruksskule mjølkar geiter for hand og ystar brunost tre veker i sommar på Sinjarheim. Mest for læringa sin del, men det er også svært populært blant fotturistane. 

Aurland: – Me står opp klokka 6 og handmjølkar geitene. Så startar med ystinga, som tek heile dagen – me kokar på eit vedfyrt ystekar. Midt på dagen er det middag og ganske avslappa stemning. Klokka halv fem mjølkar me på ny og ystar ferdig brunosten, fortel Elisabeth Fagerland, som har vore elev ved Sogn jord- og hagebruksskule.

HEILE DAGEN: Ysting over vedfyrt ystekar tek tid
HEILE DAGEN: Ysting over vedfyrt ystekar tek tid

Siste veka av juni og dei to første vekene av juli er det heile tida elevar som mjølkar  geiter og ystar brunost ved Sinjarheim i Aurlandsdalen. Dei er der i mindre grupper om gangen; fem dagar per gruppe.

– Hovudsakleg er det for å gje elevane læring og ei stølsoppleving. Men turistane set endeleg stor pris på det. Å få lukta fersk yste når dei kjem, sjå på mjølking og ysting, og å smaka på ysta er veldig populært, fortel Fagerland.

Les også: Livlege kje og sart mekring i geitefjøsen

«Sommarskule»

Brunosten sel dei til fotturistane som går Aurlandsdalen.

– Det er veldig populært å kjøpa brunosten vår, og så får dei smaka på den viss dei er der når me ystar.

Dei fleste elevar har som kjend sommarferie på denne tida, men altså ikkje desse elevane ved Sogn jord- og hagebruksskule

– Det er startskotet på vg3 med ein månad skule på sommaren, så får elevane det att ved at dei avsluttar skuleåret ein månad tidlegare i mai.

Artikkelen held fram under biletet

GODE VENER: Geiter er ålreite dyr.
GODE VENER: Geiter er ålreite dyr.

Krampe i hendene og mykje brunosteting

POPULÆR: Brunosten dei lagar er populær både blant elevane sjølve og fotturistane.
POPULÆR: Brunosten dei lagar er populær både blant elevane sjølve og fotturistane.

Fagerland sjølv er no ferdig med løpet sitt i Aurland, men ho har vore med ei gruppe og ysta i sommar.

– Det var fantastisk. Nydeleg vêr, alltid masse folk og god steming. Me åt uendeleg mykje brunost og nokre fekk krampe i hendene av handmjølkinga.

Fjøsmeister ved skulen, Even Hov, er på Sinjarheim heile trevekersperioden

OPEN STØL: Søndag 9. juli er det open støl på Sinjarheim der besøkjande kan prøva seg på mjølking, ysting og brunostforming.
OPEN STØL: Søndag 9. juli er det open støl på Sinjarheim der besøkjande kan prøva seg på mjølking, ysting og brunostforming.

– Me blir litt matte av å sjå kor kjapt Even mjølka i høve oss. Men det er slik at det går tregt i starten av femdagarsperioden og vesentleg kjappare etter kvart når ein får taket på det.

Komande søndag, 9. juli, er det open støl der besøkjande kan prøva seg på mjølking, ysting og brunostforming sjølve. Om ein vil vera med på mjølkinga må ein møta opp på Sinjarheim klokka 16.

Til toppen