POPULÆRT:  Naturen står i fokus når turistar som skal på ferie i Noreg gjer research på nettet. Her utsynet frå Skorsfjellet i Årdal. Arkivfoto: Johnny Asperheim
POPULÆRT: Naturen står i fokus når turistar som skal på ferie i Noreg gjer research på nettet. Her utsynet frå Skorsfjellet i Årdal. Arkivfoto: Johnny Asperheim

Turistar til Noreg gjer nettsøk på isbrear og fjordar

Turistar som skal på ferie i Noreg, er ivrige på internett i før reisa. Dei vanlegaste søka er isbrear og fjordar, nordlys og naturlege underverk.

– Dette er endå eit bevis på at interessa for Noreg er aukande. Lista fell godt saman med dei attraksjonane vi har marknadsført over tid saman med reiselivsbransjen, seier reiselivsdirektør Bente Bratland Holm i Innovasjon Noreg.
 
Søkjepreferansane til turistane går fram av ein rapport som Bloom Consulting har laga på oppdrag for Innovasjon Noreg. Rapporten viser at det var rekordmange internasjonale søk etter Noreg som turistnasjon i fjor, og det er særleg mange tyskarar som søkjer på nettet.
 
Av dei 5,8 millionar turistrelaterte søka om Noreg, stod tyskarar for nesten 1 million. Amerikanarar stod for 640.000 søk, ein auke på 34 prosent frå 2015.
 
Ifølgje rapporten blei det i 2016 registrert 2 millionar søk på natural wonders – naturlege underverk. Det var 1.350.000 søk på fjords and glaciers – fjordar og isbrear – og 450.000 søk på northern lights – nordlys.
 
Talet på søk etter ordet luksusturisme auka med utrulege 614 prosent, frå 1.560 til 11.140.
Til toppen