BRA LIKEVEL: Trass i at det ikkje vart noko boom på landsbasis, var turistsesongen spesielt bra på Vestlandet, her representert ved eit cruiseskip på veg inn til Flåm.
BRA LIKEVEL: Trass i at det ikkje vart noko boom på landsbasis, var turistsesongen spesielt bra på Vestlandet, her representert ved eit cruiseskip på veg inn til Flåm. (Foto: Jan Christian Jerving)

Turistboomen stoppa opp

Turisttrafikken har vore minst like stor i sommar som i fjor, men nokon boom vart det ikkje.

Det viser overnattingsstatistikken ved hotella for perioden mai – juli, som Statstisk sentralbyrå la fram fredag.
 
Sjølv om dei utanlandske gjestedøgna ved hotella var 4 prosent fleire enn i same perioden i fjor, fall dei norske med 2 prosent. Dermed er totalbiletet omtrent som i fjor. 
 
Det er likevel godt nok til at reiselivsdirektør Bente Bratland Holm i Innovasjon Noreg seier seg fornøgd.
 
– Vi kan sjå tilbake på den fjerde rekordsommaren på rad, seier Holm i ei pressemelding.
 
I juli fall talet på utanlandske gjestedøgn med 0,4 prosent, mens dei norske var på om lag same nivå som i fjor. Det gav på landsbasis ein samla nedgang på 0,1 prosent i juli, ifølgje Dagens Næringsliv.

Bra på Vestlandet

 
Nedgangen ramma likevel ikkje turistdestinasjonane på Vestlandet. I Hordaland auka talet på utanlandske gjestedøgn med 7 prosent frå juli 2016 til juli i år. I Sogn og Fjordane var auken på 5 prosent.
 

Det er særleg trafikken frå viktige marknader som Danmark, Frankrike, Italia, Storbritannia og Tyskland som går ned. Veksten frå USA og Asia er ikkje nok til å vege opp for dette.

Trøysta er at talet på campingovernattingar auka med 2 prosent i juli. Talet på utanlandske overnattingar på campingplassane auka med så mykje som 16 prosent denne månaden.

Innovasjon Noreg trur likevel at tala for august månad kan bli bra. Dei viser til flystatistikk frå ForwardKeys som tyder på at talet på personar som kom frå utlandet til Noreg i august, var 9,6 prosent høgare enn i same månaden i fjor.

Til toppen