EKSTRA DYTT: Å vera testfamilie gjev ein ekstra dytt til å koma seg ut på tur, meiner pappa Øystein Bagle Tennebø, som har barna Jesper (12) og Agnes (9) annakvar veke. Familien bur i Oslo, men dei fekk smaken på turlivet i fjor sommar hos foreldra til Øystein i Måløy i Nordfjord. Foto: Mari Valen Høihjelle / DNT.

Turistforeininga satsar på familiane

Fem testfamiliar skal hjelpa Den Norske Turistforening å finna ut kva som skal til for å lokka fleire barnefamiliar ut på tur.

– Målet vårt er å finna ut om vi er så gode på aktivitetar for barn og familiar som vi ønskjer å vera, seier kommunikasjonsrådgjevar Christine Thune i DNT til Nynorsk pressekontor.

Ho fortel at dei fem testfamiliane blir inviterte til å koma med ærlege tilbakemeldingar om kva som fungerer og ikkje når dei legg ut på turar og testar tilboda til DNT både i nærmiljøet og i andre delar av landet.

– Dei har mellom anna fått store leiketerningar som dei skal trilla og gje terningkast, fortel Thune.

Stor interesse

Interessa for å vera med var stor då foreininga søkte etter familiar som ville prøva seg nye tureventyr. Då søknadsfristen var gått ut, hadde det meldt seg heile 150 familiar. Dei fem utvalde kjem frå Tromsø, Bergen, Oslo og Kristiansand og representerer ulike familiesamansetjingar. Her er både ei åleinemor med ei dotter, ein far som bur saman med dei to barna sine annakvar veke og tre kjernefamiliar.

Artikkelen held fram under biletet.

SPREKE JENTER: Mamma Susann Widjegaard og dottera Tara på seks år frå Kristiansand ser fram til flotte naturopplevingar der dei både kan bli kjende med andre og testa seg sjølve.
SPREKE JENTER: Mamma Susann Widjegaard og dottera Tara på seks år frå Kristiansand ser fram til flotte naturopplevingar der dei både kan bli kjende med andre og testa seg sjølve.

Felles for alle er at dei er familiar som gjerne vil koma seg meir ut på tur, men dei får det ofte ikkje heilt til.

– Eg trur dette er noko mange vil kjenna seg att i, seier Thune.

At testfamiliane må setja seg mål og koma seg ut, trur ho kan inspirera andre til å gjera det same. Via Facebook og andre sosiale media kan publikum følgja testfamiliane både i med- og motgang. Det vil også bli lagt ut videosnuttar av opplevingane deira.

Barneturlag i vekst

Turistforeininga har i fleire år hatt ein vekst i medlemstalet. No er det særleg barnefamiliane som strøymer til organisasjonen.

– Eg trur vi har eit potensial til å nå fleire, seier Thune. Ho fortel at Barnas Turlag har hatt ein kraftig vekst, og at det no er 200 slike lag i landet.

– I fjor auka medlemstalet i Barnas Turlag med 5,7 prosent, og auken held fram. Målet er at det skal bli Barnas Turlag i alle kommunane i landet, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet.

KLARE TIL Å UTFORSKA TURLIVET: – Me har berre vore på turar i nærområdet og er veldig klare for å utforska fylket me bur i – og resten av områda i Noreg, seier familien Kalstø/Amundsen frå Bergen med pappa Trond Kristian, mamma Solveig, Sofia April (6) og Bjørk Leonora.

For å møta den aukande interessa frå barnefamiliar har DNT no innført familiemedlemskap med ein faktura for heile familien.

– Det har vist seg å vera svært populært, seier Thune, som håpar dette skal gjera terskelen lågare for barnefamiliane å bli medlem i DNT. Med ris og ros frå dei fem testfamiliane håpar ho endå fleire skal bli inspirerte til å koma seg over dørstokken og ut på tur. (©NPK)

Til toppen