Foto: Ole Ramshus Sælthun/Jan Christian Jerving.
meiningar
Foto: Ole Ramshus Sælthun/Jan Christian Jerving. (Foto: Ole Ramshus Sælthun)
meiningar

Turlag-saka: «Viser manglande dømmekraft»

MEINING: Lærdal kommune. Saka om utbetaling av ureglementerte midlar til Turlaget.

Lærdal kommune ved Bærekraftpiloten får i 2011 og 2012 tildelt midlar (110 323 kr) frå Fylkeskommunen/ Gjensidigestiftelsen, samt 100 000 kr frå Aurland og Lærdal Reiseliv til merking og informasjon av turvegar, heretter kalla «Merkeprosjektet.» Sum midlar 210 323 kr. Arbeidet blir utført i 2012, 2013 og 2014.

I oktober 2013 og oktober 2014 sender Merkeprosjektet sluttrapportar med kostnader til Fylkeskommunen om at prosjektet er avslutt i samsvar med tilsagn/avtale. Total prosjektkostnad 526 103 kr der 127 000 utgjorde verdien av dugnad. Kostnadsdelen av rapportane er utarbeida av økonomileiar i kommunen. Rapportane er underskrevne av prosjektleiar i Bærekraftpiloten og dåverande/noverande leiar i turlaget. 

I desember 2014 godkjenner Lærdal kommunestyre sluttrekneskapen for Bærekraftpiloten der «Tilskot Turvegar» er ein inntektspost og der infrastruktur (infotavler m.m.) og løn til prosjektleiar er ført som utgifter. Sakshandsamar er økonomileiar i kommunen. Leiar i turlaget, medlem av kommunestyret, deltek på møtet.

I oktober 2015, etter rekneskapen var avslutta og godkjent, og midlane rapport som brukte, overfører Lærdal kommune heile tilskotssummen på 210 323 kr til Lærdal Turlag. Overføringa er tilvist av økonomileiar; den same personen som utarbeida kostnadsrapporten til Fylkeskommunen og var sakshandsamar for sluttrekneskapen i kommunestyret. Leiar i turlaget, som mottek midlane, er den same personen som underskreiv rapporten til tilskotsgivar (Fylkeskommunen) og deltok i kommunestyret, med andre ord han hadde alle forutsetningar for å kjenne til at dette var ei ureglementert utbetaling i høve hans tidlegare tilknytning til saka. Det låg ikkje føre dokumentasjon frå Bærekraftprosjektet eller politiske vedtak knytt til utbetalinga. Det er også eit ubesvart spørsmål kven som gav økonomileiaren ordre om å overføre midlane til turlaget; er det noko han fann på sjølv? Neppe.

Underteikna reagerte på utbetalinga (heile tilskotssummen) til turlaget, då eg hadde kjennskap til at det var kjøpt inn og sett opp fleire turinformasjonstavler. I brev til rådmannen 12.02.2017 skildra eg saka der eg dokumenterte at det ikkje var dekning for utbetalinga, at pengane var brukte, og at det var utbetaling av midlar som ikkje «finst». Brevet avslutta med å be rådmannen vurdere saka på nytt og at «alle kan gjere ufrivillige feil, og det bør være ei ærleg sak å innrømme det.»  Rådmannen svara følgjande: «Prosjektet er avslutta frå Lærdal kommune si side. Det heile er ført i rekneskapen, kontrollert og revidert ut frå dei reglar og prosedyrar som gjeld for slikt. Det er ikkje påvist feil eller manglar gjennom denne handsaminga:»

Saka vart handsama i kommunens kontrollutval 14.06.2017, der revisor påpeika fleire brot på økonomireglementet i kommunen. Tilrådinga frå kontrollutvalget var å krevje midlane tilbake frå turlaget.

Etter 12.02 var det omfattande korrespondanse/innsynskrav mellom underteikna, rådmannen og Fylkesmannen som har resultert i meir enn 100 dokument; arbeid som ein kunne ha spart seg dersom rådmannen hadde teke brevet av 12.02 på alvor og lagt til side eigen staheit/arroganse.

Det hadde vore meir anvendt tid av rådmannen å syte for gode administrative rutinar, arkivering etc. i organisasjonen sin.

11. mai 2017 var «overføring av midlar til Lærdal Turlag» sak i kommunestyret. Rådmannen forklarte i si munnleg orientering i møtet at saka var fremja for å rette opp i ein «formaliafeiI» i høve overføringa til turlaget i 2015. Rapporten frå revisor i kontrollutvalget viser imidlertid at det er meir enn ein formaliafeil i denne saka.

Rådmannen viste også til at det i desember 2014-møtet hadde vore ein debatt om å overføre midlar til turlaget, men at det ikkje var nokon skriftleg referat eller avtale i ettertid. Kven i kommunestyret hadde detaljkjennskap til å reise ein slik debatt? Leiar i turlaget, som seinare mottok midlane, deltok i møtet i 2014.

Det kan verke som at det i Lærdal kommune er blitt slik at nokon, «gutteklubben grei», (ordførar, varaordførar, rådmann) debatterer/snakkar saman så «vips» (den moderne betalingsmetoden) utbetalar dei pengar utan dokumentasjon eller politiske vedtak.

Denne saka viser manglande dømmekraft hjå rådmannen, som ikkje evnar å sjå andre sine veldokumenterte argument. Skal vi, som innbyggjarar, og arbeidsgjevaren kommunestyret, ha tillit til denne mannen sitt arbeid? 

I denne saka har vi også ein ordførar som uttalar seg (i SA 01.06) mot betre vitande i det offentlege rom (media). Etter mitt syn er dette alvorleg, men også trist at ein ordførar må ty til slike midlar for å dekke over ureglementerte økonomiske transakasjonar med basis i beslutningar i «gutteklubben grei». Folk flest trur på (hittil) det ein ordføraren uttalar seg om i media. Skal vi som innbyggjarar i Lærdal ha tillit til denne mannen og hans politiske parti? Det er val om to år.

Borgund 19.06.2017

Åge Årdal

Til toppen