TURN: Årets fylkesstemne er i gong i Øvre Årdal. Laurdag var alle laga samla på Jotun stadion for opningstalar, gymnastikk og musikk. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
TURN: Årets fylkesstemne er i gong i Øvre Årdal. Laurdag var alle laga samla på Jotun stadion for opningstalar, gymnastikk og musikk. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Turnestemne i Årdal er i gong 

13 turnlag frå heile Sogn og Fjordane masjerte til Jotun stadion laurdag føremiddag for å opna årets turnstemne. 

Årdal: Turngruppa til Jotun er arrangør for det årlege fylkesstemne i Sogn og Fjordane. 

– Eg tykkjer det er flott at ein klarar å få på plass slike store arrangement. Det skapar liv og røre i bygda, seier ein kry Årdalsordførar til Porten.no. 

Fantastisk innsats

Under opningsseremonien på Jotun stadion vart det retta søkjelys på den glimrande innsatsen som turngruppa hadde gjort for å planleggja og leggja til rette for ei knall turnhelg. 

– Det er sjølvsagt mykje sosialt. Vêret var sjølvsagt med oss også, seier Arild Ingar Lægreid. 

SEREMONI: Leiar i Jotun turngruppa, Sofie Moen og ordførar Arild Ingar Lægreid haldt tale under opningsseremonien på Jotun stadion.
SEREMONI: Leiar i Jotun turngruppa, Sofie Moen og ordførar Arild Ingar Lægreid haldt tale under opningsseremonien på Jotun stadion.

Han meiner Jotun stadion er godt egna til slike type arrangement.

– Eg teke meg kanskje ein tur i løpet av helga. Det teke litt tid å få gjennom alle saman. Turngruppa i Jotun har gjort ein fantastisk innsats og eg har hatt kontakt med dei nesten kvar veke, dei siste to månadane, seier han. 

Meir informasjon om stemnet og programmet for helga finn du her. 

Til toppen