STUDIE:  Dei som arbeidde i turnus då dei gjorde testane, gjorde det dårlegare enn dei som ikkje var skiftarbeidarar. Illustrasjonsfoto: Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN)/Flickr. 
STUDIE:  Dei som arbeidde i turnus då dei gjorde testane, gjorde det dårlegare enn dei som ikkje var skiftarbeidarar. Illustrasjonsfoto: Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN)/Flickr. 

Turnusarbeid svekkjer hjernen og gjer den gammal

Folk som arbeider i turnus eller jobbar natt slit meir med å løyse problem, trekkje konklusjonar og forstå samanhengar. 

  • Endret

Helse: Dei som jobbar i turnus treng meir tid før hjernen klarar å hente seg inn, viser svensk studie.

Dei spurde fekk i oppgåve å klikke på tal frå 1 til 25 i rett rekkefølgje, det vil seie 1,2, 3 og så vidare. Deretter skulle dei gjere det same, men ved å legge til bokstavar bak tala, det vil seie 1a, 2b, 3c og så vidare.

– Det er kjent at når ein blir eldre, så treng ein meir tid til å gjennomføre testen, seier Christian Benedict ved Uppsala-universitetets nevrovitskaplege institutt.

Dårlegare enn skiftarbeidarar 

– Dei som arbeidde i turnus då dei gjorde testane, gjorde det dårlegare enn dei som ikkje var skiftarbeidarar. Dei som hadde arbeidd i turnus dei siste fem åra, men seinare slutta, gjorde det også dårlegare, seier Benedict.

Forskarane fann ingen forskjellar mellom dei som slutta i turnusarbeid for meir enn fem år sidan, og dei som aldri har jobba i turnus.

– Kva konklusjon kan vi trekkje av det? Jo, du kan tilbakestille den kognitive funksjonen dersom det har gått meir er enn fem år sidan du slutta med skiftarbeid. Men det er ganske skremmande at det tar så lang tid å bli tilbakestilt, seier Benedict.

Til toppen