Gulen: Grunna eit hol eit not, klarte tusenvis av laks å rømma frå ventemerdene på Slakteriet Brekke i Gulen, førre helg. Det skriv NRK Sogn og Fjordane.
Det skal ha vore arbeidarar på fabrikken som oppdaga det, då dei kom på jobb måndag morgon.
Knut Strømsnes, dagleg leiar i Slakteriet Brekke AS, beklagar hendinga i ei pressemelding, og seier at arbeidet med å samla inn att fisken er i gang.
– Me har sett ut garn og me har avtale med lokale fiskarar som no aktivt fiskar i høve til Fiskeridirektoratet sine retningslinjer.
Slakteriet har fått pålegg frå Fiskeridirektoratet om å utvida området gjenfangstaktiviteten skjer i. Strømsnes oppmodar folk om å melda i frå antal dersom dei fangar den rømte fisken. Slakteriet tek òg i mot fisken, om det er ønskje at han skal destruerast.