STORT PROSJEKT VENTAR ÅRDAL ENERGI: T.v. Olav Kjell Moen og Bjørn Hunshammer og dei andre i Årdal energi får mykje å hengja fatt i den neste tida, når alle straumkundane i Årdal må byta straummålar.
STORT PROSJEKT VENTAR ÅRDAL ENERGI: T.v. Olav Kjell Moen og Bjørn Hunshammer og dei andre i Årdal energi får mykje å hengja fatt i den neste tida, når alle straumkundane i Årdal må byta straummålar. ( Snorre Sandemose)

Tusenvis av straummålarar skal verte bytte ut over heile Årdal etter påske

Årdal energi hyrer ei verksemd til å banka på dørane hjå kvar einskild husstand og byta straummålar inni husa.

Årdal: – Den nye straummålaren vert eit smart hjelpemiddel for nettselskapa, seier Bjørn Hunshammer, prosjektleiaren i Årdal Energi for installeringa av dei nye måleapparata.

Arbeidet med å byta straummålarar i kommunen startar etter påske, den 3. april. Det vil verta investert for 9,3 millionar kroner i nye målarar i Årdal i 2018. Det er budsjettert med at dette vil stå for om lag to tredjedelar av investeringane som Årdal Energi skal gjera i året som kjem. 

Målarane kjem til å senda forbruks- og driftdata automatisk attende til nettselskapet. Dei vil då få meir presise forbruksdata, noko som vil gagna nettselskapet både i samband med fakturering og med tanke på vidare planlegging. 

Reknar med å halda fram med å byta målarar heilt til hausten

Årdal energi skal ganske snart taka fatt på arbeidet. Sjølve monteringa av nye straummålarar hyrar dei eit firma til å ta seg av.

– Me lyt inn i huset til kvar einskilde kunde for å byta straummålar, so det er ei stor oppgåve som ventar oss. Berre det å avtala med omlag 3500 kundar kva tid dei er heime og kan ta i mot oss kjem til å ta si tid.

Hunshammer reknar med at energiverket vil vera i mål med å byta straummålar i husstandane omkring juni-juli. So må dei ta fatt på alle hyttene utpå seinsumaren og hausten. Til hyttene kan dei ta seg fram med bil, stort sett, med unnatak av somme hytter i Ytre Ofredalen. Dit lyt dei frakta dei nye straummålarane i båt. 

– Me reknar med at firmaet kjem i mål med arbeidet i september. 

Somme av dei andre kommunane i Indre Sogn er alt godt på veg

Alle straumleverandørane i heile Noreg må byta ut straummålarane hjå kundane sine innan utgangen av året. 

Det er Sognekraft om står for straummålarbytet i Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik. Dei byrja arbeidet i fjor og vil ha det meste unnagjort til sumaren. Heilt i mål kjem dei ikkje før i oktober.

I Lærdal starta dei nyss arbeidet. Arbeidet pågår frå 8. januar og fram til oktober månad. 

I Aurland starta dei i oktober. Her ser dei føre seg å verta heilt ferdige med monteringa av dei nye apparata alt i april i år. Aurland energi har til no montert omlag 1000 nye målarar og det står att å byta omlag 420 straummålarar til.

Luster energi skal byrja arbeidet i februar og halda på med det fram mot sumar og haust.  

Til toppen