OVERVELDA: Folk kom for å gi klemmar og syne si støtte til Andrea Voll Voldum (21) under demonstrasjonen i Oslo måndag ettermiddag. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
OVERVELDA: Folk kom for å gi klemmar og syne si støtte til Andrea Voll Voldum (21) under demonstrasjonen i Oslo måndag ettermiddag. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Tusenvis støtta opp om Andrea Voldum (21) i Oslo

– Det er overveldande og heilt uverkeleg å sjå alle menneska som har møtt opp, seier Andrea Voll Voldum (21)

Oslo: Politikarar og representantar frå kvinneorganisasjonar haldt måndag ettermiddag appellar utanfor Stortinget etter at Andrea Voll Voldum førre veka valte å dela si valdtektshistorie.

Tysdag førre veka la lærdalsjenta ut namna på dei tre mennene som vart frikjent for gruppevaldtekt i lagmannsretten tidlegare i sommar.

Tidlegare har dei tre mennene blitt dømt i Hallingdal tingrett for valdtekt etter at dei gav den då 18 år gamle Voldum ein dødelege mengde av det narkotiske stoffet MDMA medan jenta var på familieferie i Hemsedal i 2014.

Les også: Ho har skapt enorm debatt med valdtektshistoria si

DEMONSTRASJON: Tusenvis møtte opp for å demonstrera for rettstryggleik for kvinner i Oslo.
DEMONSTRASJON: Tusenvis møtte opp for å demonstrera for rettstryggleik for kvinner i Oslo.

Enorm støtte

Måndag var det demonstrasjonar ti stader i heile Noreg der tema var rettstryggleiken for kvinner. Folkeopprøret kjem i kjølevatnet av valdtektshistoria til Voldum som har blitt hylla som ein viktig ”varslar” og eit ”førebilete” for mange kvinner på sosiale medium dei siste dagane.

– Eg hadde aldri trudd at saka mi ville få den merksemda som ho har fått, seier Voldum til Porten.no etter at appellane er ferdig utanfor Stortinget i Oslo.

OVERVELDA: Andrea Voll Voldum (21) saman med mora Wenche Voll i Oslo.
OVERVELDA: Andrea Voll Voldum (21) saman med mora Wenche Voll i Oslo.

Voldum hadde med seg familien til Oslo for å delta på den enorme demonstrasjonen der politikarar frå fleire parti og leiarar frå kvinneorganisasjonar haldt appellar for å styrkje rettstryggleiken til kvinner.

– Det er ein heilt overveldande respons, seier Voldum medan person etter person kjem bort for å gi ho ein klem og utrykka støtte og hyllest til den unge jenta.

Kjende seg endeleg trygg

Dei siste to åra har vore tøffe for Voldum. Ho har vore gjennom tre rettsakar der den siste enda med at tre av meddommarane fekk dei tre mennene i 30-åra for frikjend for valdtekt.

Dei tre fagdommarane og ein av meddommarane meinte mennene var skuldige. Det må likevel eit fleirtal på fem dommarar til for å få dei tiltalte dømd.

#JEGTRORDEG: Mange møtte opp for å syna si støtte til Andrea Voll Voldum etter at ho delte si valdtektshistorie.
#JEGTRORDEG: Mange møtte opp for å syna si støtte til Andrea Voll Voldum etter at ho delte si valdtektshistorie.

 Voldum måtte avbryta studieplanane sine i Oslo fordi ho var redd for å møta på dei tre mennene. Ho har også fått påvist posttraumatisk stress i etterkant av hendinga.  

– Eg kjende meg endeleg trygg til å reisa til Oslo saman med familien no når eg ser all støtta som eg har, seier Voldum.

Til toppen