VIKTIG BIDRAG: Sjuande klasse på Aurland skule samla inn 4000 kroner då dei arrangerte turmarsj og kafè tidlegare i dag.
VIKTIG BIDRAG: Sjuande klasse på Aurland skule samla inn 4000 kroner då dei arrangerte turmarsj og kafè tidlegare i dag. (Foto: Aurland kommune)

TV-aksjonen: Aurland i landstoppen på gjevarstatistikken

Medan aurlendingane verkeleg har opna lommebøkene for TV-aksjonen, ligg fylket bak skjema. I år går inntektene til Kirkens Bymisjon.

Aurland: – Det er eit godt og viktig føremål og me stolte over at det er stor gjevarglede, seier ordførar Noralv Distad i Aurland.

TV-aksjonen er i gang, og førebels er Aurland på 16. plass i landet og nummer èin i fylket når me tel summen kvar innbyggjar har gitt i snitt. I Aurland har dei samla inn 56 kroner per innbyggjar, medan snittet i landet 10 kroner.

– Me satsar på at det held seg og at me kjem høgt òg etter at me har fått gått rundane med alle bøssene og, seier Distad.

Fylket ligg bak skjema

Han seier det har blitt ein tradisjon at kommunen ligg høgt på lista når gjevarstatistikken skal teljast opp. Han er glad for at den tradisjonen ser ut til å vera halden ved like i år òg.

– Kanskje det går på at det er gode tradisjonar for frivillig arbeid, og folk er opptekne for å stilla opp for kvarandre. Det engasjementet går òg utover eigne kommunegrenser, seier Distad.

Medan Aurland er blant dei mest generøse i landet, ligg fylket førebels under landssnittet. Vanlegvis ligg sogn og fjordingane heilt i toppen. Distad håpar at det vil retta seg utover kvelden når fleire av dei frivillige har fått gått rundene sine med bøssene.

– Eg skal sjølv ut no om eit kvarter. Det er jo no og framover mange bøssebærarar både hos oss og i resten av fylket skal ut og gå. Eg reknar med at gjevargleda er stor i heile fylket i år òg, seier Distad.

Slik var stillinga klokka 17:34 (klikk under for større bilete):

  Foto: Skjermdump/Giverstafett.no
Til toppen