JUBEL: Det har vore mykje å juble for på Fosshaugane denne sesongen. Fotballekspert Lars Tjærnås (innfelt) er imponert over det Sogndal har prestert. Foto: arkiv/C More 
JUBEL: Det har vore mykje å juble for på Fosshaugane denne sesongen. Fotballekspert Lars Tjærnås (innfelt) er imponert over det Sogndal har prestert. Foto: arkiv/C More 

TV-ekspertane let seg imponere av Sogndal

I morgon reiser Sogndal til Haugesund som eitt av formlaga i Tippeligaen. Rekka med kampar utan tap er noko òg TV-ekspertane har merka seg.

Ein av dei er Lars Tjærnås, ekspertkommentator for C More.

– Eg er utroleg imponert over både lag og klubb. Over tid viser dei at det er mogleg å bli fantastisk gode av å gjere alt rett. Dei skaper gode spelarar sjølv, hentar riktige typar som passar inn og har openberrt eit miljø i total harmoni, seier han.

Les også: Debutanten slapp å verte syndebukk
Les også: – Eg håpar å halda meg i Tippeligaen til eg legg opp

Også Årst er imponert

Berre to lag har tapt færre kampar enn Sogndal i årets sesong, den suverene serieleiaren Rosenborg og tabelltoar Odd. 

Når Sogndal ikkje er innblanda i medaljestriden, men ligg midt på tabellen, er det på grunn av talet uavgjortkampar. Åtte poengdelingar er det ingen lag som kan matche. Tabelljumbo Start er nærast med sju.

Uansett kjem Sogndal i morgon til bortemøtet mot Haugesund som eitt av formlaga. Ubeseira på ti kampar er ein prestasjon som blir lagt merke til.

– Det er sjølvsagt meget sterkt å levere det dei har gjort, seier TV2-profil Ole Martin Årst, som sjølv hadde eit kort låneopphald som spelar i Sogndal.

– Dei har ein trenar med ein leiarstil som passar som hand i hanske for ein klubb som Sogndal, med dei utfordringane og moglegheitene som ligg der. Dei har gjennom historia vist at dei kan få mykje ut av ressursane, seier han.

– Det viktigaste er å vere eit topplag

Denne sesongen har Sogndal spelt fleire kampar utan lokale spelarar i startoppstillinga. Rune Bolseth er den einaste som kjem frå fylket av dei ti sogndalsspelarane med flest kampar frå start. Tjærnås meiner det ikkje er noko å hengje seg opp i.

– Det er sjølvsagt optimalt om du kan vere eit topplag med lokale spelarar, men det blir nest viktigst. Det viktigaste er å vere eit topplag, seier han.

Med det Eirik Bakke og teamet rundt har greidd å skape det siste halvannan året kan det vere fristande å løfte ambisjonane. Sogndal har lenge vore nøgd med å vere ein stad mellom dei to øvste nivåa. Mange meiner det er på tide å ta neste steget, som er å etablere seg fast i eliteserien.

Tjærnås derimot ser ikkje poenget med å leggje lista høgare. 

– Nei, eg trur ikkje dei skal tenkje resultatmål, men heller halde fram som dei gjer no. Det vil seie: leggje alt til rette for å skape resultat, seier han.

Til toppen