TIDSASPEKT: Leiar i Villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen, Lars Nesse, meiner det blir svært utfordrande å skulle sanera ut heile Nordfjella sone 1 for villrein på under eitt år. Arkivfoto
TIDSASPEKT: Leiar i Villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen, Lars Nesse, meiner det blir svært utfordrande å skulle sanera ut heile Nordfjella sone 1 for villrein på under eitt år. Arkivfoto (Foto: Ole R. Sælthun/Statens Naturoppsyn)

Tvilar sterkt på at sanering til 1. mai er praktisk mogleg

Leiar i villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen, Lars Nesse, er nøgd med at landbruksministeren sitt saneringsvedtak har visse atterhald. Men både villreinnemnd og -utval stussar over tidsaspektet.

Lærdal/Aurland: – Det er ikkje så bastant, her finst rom for opning, seier Nesse.

Landbruksdepartementet gav måndag 8. mai tilslutnad til Mattilsynet si tilråding om å sanera villreinsstamma i Nordfjella sone 1, som har hatt ei vinterstamme på rundt 1800 individ.

 Les også: Villreinstamma i Nordfjella skal slaktast

Les også: Her er ministeren på synfaring i Nordfjella

I brevet frå departementet blir det likevel streka under at Mattilsynet og Miljødirektoratet skal gjera fortløpande vurderingar dersom situasjonen endrar seg:

«Departementet mener det er avgjørende at Mattilsynet og Miljødirektoratet fortløpende gjør faglige vurderinger av om nye prøveresultater eller annen kunnskap kan tilsi endring av tiltakene eller fremdriften i Mattilsynets forslag. Departementet skal fortløpende orienteres om slike vurderinger», står det i brevet.

 – Det er dette me har etterlyst heile tida. Frå fagsida har anbefalingane vore sanering uansett om det skulle dukka opp skrantesjuke andre stader. Men då er føresetnadane heilt annleis, seier Nesse.

Les også: Klok kommunikasjon frå ministeren

Vart oppdaga svært tilfeldig

Han viser til at simla som først fekk påvist skrantesjuke for vel eit år sidan i Nordfjella vart oppdaga svært tilfeldig. I samband med merking av rein i Nordfjella i april oppdaga mannskapet som var ute ei simle som ikkje klarde å følgja etter flokken då den gjekk på trekk.

Simla fall ganske snart om og døydde av seg sjølv.

– Det var mange tilfeldigheiter som gjorde at me oppdaga denne simla. Hadde helikopteret landa fem meter lengre til venstre enn kva det gjorde, ville me ikkje ha sett simla i det heile.

Og hadde ikkje simla vorte oppdaga, hadde truleg ikkje skrantesjuke vore oppdaga i Nordfjella i dag – dei to andre reinane som har fått påvist sjukdommen vart skotne under jakta i fjor haust, fordi det vart innført testing for skrantesjuke som konsekvens av funnet av simla i april.

– Difor klarar eg ikkje fri meg frå tanken om at sannsynet for at skrantesjuka finst andre stader ikkje bør undervurderast, seier Nesse.

«Må utarbeida konkret plan»

I brevet gir også departementet klar instruks til Mattilsynet og Miljødirektoratet om å innan 15. juni:

  • Utarbeida ein konkret plan for korleis ei sanering innan 1. mai 2018 praktisk skal gjennomførast, også med omsyn til prøveuttak, slaktehandtering og smitteførebyggjande tiltak
  • At den praktiske gjennomføring av saneringa må ta omsyn til dyrevelferd, og at usikkerheiter når det gjeld gjennomføring innan tidsramma (1. mai 2018) skal omtalast
  • At gjennomføringa må innrettast så saneringsperioden blir så kort som mogleg, og at ein plan for reetablering av stamma blir lagt så fort som råd – vidare at etatane skal sjå om reetablering er fagleg forsvarleg kjappare enn fem år etter endt sanering. 

Nesse stussar over tidsaspektet; altså at sanering skal vera gjennomført innan 1. mai 2018.

– Etter kva som er praktisk gjennomførbart trur eg ein kan gløyma den datoen.

Departementet manar også til god involvering av grunneigarar, beitebrukarar og kommunar frå Mattilsynet og Miljødirektoratet si side.

Såg føre seg sanering over fire år

Spørsmålsteikn ved realismen i tidsaspektet har både villreinnemd og villreinutval sett tidlegare. I eit brev til både landbruks- og matdepartementet, klima- og miljødepartementet, Mattilsynet og Miljødirektoratet dagsett 3. mai åtvarar nemnd og utval om at ein så stram tidsplan kan gå utover dyrevelferd.

Vidare strekar nemnd og utval under at dei meiner sanering er det rette – dersom skrantesjuka ikkje blir oppdaga andre stader, og at det difor er viktig med maksimal innsats for å kartlegga om sjukdommen finst andre stader i landet.

Les også: – Skulle gjerne ha testa alt slakta hjortevilt i Noreg

Men i brevet strekar dei under at tidsramma med full sanering innan eitt år er urealistisk, og viser til at dei etter at rapporten frå Vitskapskomiteen for Mattryggleik vart lagt fram, sende etatane eit notat der dei føreslo sanering over fire år, noko som ville føra til følgjande vinstar:

  • Utvikling av testar av levande dyr som kan sikra at ny stamme av friske dyr blir bygd opp
  • Auka tryggleik (enn om langt frå total) for at det finst friske villreinbestandar der ein kan henta dyr for reetablering 
  • I større grad forsikring om at ein ikkje kan få ny smitte frå eventuelle infiserte hjorte- eller elgstammar i tilgrensande områder 
  • Betre kunnskap om prionar si levetid i høgfjellsmiljøet i Noreg, som kan gi rett tidsrom for brakklegging.  
  • Tid til å sanare salteplassane eller finna gode metodar for å hindra vilt i å koma til desse. 

Villreinnemnda og –utvalet streka under i notatet at ein slik tidsplan inneber at ein så godt som råd må isolera villreinstamma i Nordfjella sone 1, og kjem med konkrete framlegg til korleis dette kan gjerast. Vidare at ei eventuell eskalering av sjukdomsutbreiinga gjer at ein må gå fortare fram.

– Ein enorm logistikk

Innstillinga frå departementet er likevel sanering innan 1. mai 2018, då med ei rekkje atterhald – som tidlegare nemnd.

Nesse viser til at det i førre veke var eit møte over to dagar på Gol der faginstansane og lokale/regionale utval starta innleiande praktisk planlegging av sanering. Modellen ein tek utgangspunkt i er å driva flokkane inn i reinsgjerder, for så å avliva dei. 

– Me snakkar om dyreetiske tilhøve, som at det er betenkjeleg å byrja å jaga på drektige simler i april månad. Samstundes skal slakta handterast så mest mogleg kjøt kan brukast til mat – det er utgangspunktet. Her må ein slakta og handtera kvart enkelt dyr åtskilt til ein har fått svar på test for skrantesjuke. Det ligg ein enorm logistikk i dette. Ein logistikk som går, men eg trur det vil ta mykje meir tid enn fram mot 1. mai 2018. 

 

Til toppen