LOKALE RÅVARER I NYTT ØL: Då Tya skulle laga nytt øl saman med Schouskjelleren Mikrobryggeri, ville Benjamin Ginther nytta lokale råvarer som bringebær frå Vikadalen og brødrestar frå Tya.
LOKALE RÅVARER I NYTT ØL: Då Tya skulle laga nytt øl saman med Schouskjelleren Mikrobryggeri, ville Benjamin Ginther nytta lokale råvarer som bringebær frå Vikadalen og brødrestar frå Tya. (Foto: Sunniva Knutsen)

Tya samarbeidar med Oslobryggeri, lagar nytt øl av lokale råvarer frå Sogn

Korleis lagar ein øl? Med brød frå Tya bakeri og bringebær frå Vikadalen, ifølgje amerikanske Benjamin Ginther.

Årdal: Benjamin Ginther er frå Minnesota i USA, og flytta for eitt år sidan til Sogn for å  jobba som ølbryggar for Tya bryggeri. 

Som sjefsbryggar står han no fritt til å leika seg på bryggeriet i Årdal, og ifølgje han sjølv er det ikkje noko som er kjekkare enn å leika med dei forskjellige komponentane og setja saman eit nytt øl. 

Det er nett dét han har gjort då han saman med Schouskjelleren Mikrobryggeri i Oslo laga ølet Raspberry Beret, laga på brød frå Tya og bringebær frå Vikadalen.

– Ølet er ein slags hybrid mellom lager og porter, nesten som ein pilsner, berre mørk. Den vil vera lett å drikka, men sterk. Eit perfekt vinterøl, seier Ginther.  

Ginther: – Lokale råvarer ein føresetnad 

MØRKT BRINGEBÆR ØL: Ølet er ein hybrid mellom porter og lager, og vil vera lettdrikkeleg som ein pilsner, men ein mørk sterkøl. Foto: Sunniva Knutsen

Då Benjamin og kompisen Magnus frå Schouskjelleren Mikrobryggeri skulle laga eit øl, visste amerikanaren at han ville ta i bruk råvarer frå sin nye heimstad, Sogn. 

Han fortel at han lenge har ønskt å bruka brød frå Tya Bakeri, og saman med Magnus kom han opp med å blanda i bringebær frå Elvheim Gard i Vikadalen i Årdal. 

– Å nytta lokale råvarer var ein føresetnad då me gjekk inn i samarbeidet. Det er så mykje gode råvarer som kjem frå Sogn, så det var ein prioritet frå starten, seier han. 

Ølet vil vera klart i Søgnda

Todelt marknad

Samarbeidet mellom dei to bryggeria skulle verka som ein portal for å danna ein marknad for Tya i hovudstaden, og likeins for Schouskjelleren i Årdal. 

Ginther fortel at det kan vera utfordrande å treffa kundane med «craft beer» eller handverksøl. Mannen på gata vil gjerne ha ein lys øl som Hansa eller Corona, medan dei meir øl-interesserte vil prøva seg på ein stout, eller lager. 

– Det er utfordrande å laga eit øl, eller eit utval av øl, som kan nå ut til begge sidene av kundemarknaden vår. Huldra og Vølar er meir lyse øl som alle kan lika, medan Knorr og Industri er for dei litt meir eventyrlystne, seier han og held fram:

– Me vil laga øl slik at dei kundane som vanlegvis ikkje drikk handverksøl, torer å prøva det.

Open for fleire samarbeid

Han fortel at det kan vera vanskeleg å finna rette samarbeidspartnar, då visjonen deira må vera nokon lunde lik, slik at produktet ikkje blir for rart og nytt for kundane. 

– Schouskjelleren har ganske lik visjon for ølet sitt som Tya, difor var det enklare å få til eit samarbeid med dei. Men me har òg gjort ein del samarbeid med andre bryggeri der me hjelp dei med å laga øl for seg sjølve, seier han. 

Han er positiv til framtidige samarbeid og seier at det hadde vore kjekt å samarbeide med andre bryggeri til dømes i Stavanger og på Hamar. 

Til toppen