KYRKJEVALET: Gerd Berit Tønjum og Anders Voll Eltun frå røystestyret i Lærdal tok imot røystene på Tønjum valdagen 14. september. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
KYRKJEVALET: Gerd Berit Tønjum og Anders Voll Eltun frå røystestyret i Lærdal tok imot røystene på Tønjum valdagen 14. september. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

Tydeleg engasjement kring soknerådsvalet

Det nyvalde soknerådet i Lærdal består av tre kvinne og tre menn i alderen 26 til 75 år. Kyrkjeverje Ellen Veum er godt nøgd med oppslutninga, og trur saka om preikestolen mellom anna kan ha vore med å skapa engasjement kring valet. 

Lærdal: Soknerådsvalet i Lærdal fekk 26 prosent oppslutning, noko som er ei auke på åtte prosent sidan sist val for fire år sidan. Oppslutninga sentralt var på 16, 7 prosent, noko som bli omtala som eit rekordval for kyrkja. 

Den nye soknerådet i Lærdal har fått inn tre nye namn, og tre som sete i soknerådet denne perioden. Veum ser det som positivt at det blir litt utskifting, men og at nokre med erfaring også blir sittande. Aldersmessig er det også god spreiing kring representantane, i tillegg er frå ulike delar av kommunen, noko ein også blir oppmoda om frå sentralt hald, fortel Veum.

Eit reelt val – personrøyster viktig

21 personar stilte til soknerådsvalet, samanlikna med kring ti personar tidlegare år. Difor var årets soknerådsval eit meir reelt val, der ikkje berre dei som stod på lista kom rett inn i soknerådet. Kring 75 prosent av listene vart også retta, noko som syner eit stort engasjement kring personrøyster, fortel kyrkjeverjen. 

LISTETOPP: Audun Mo er vald inn for ein ny periode i Lærdal sokneråd. Arkiv
LISTETOPP: Audun Mo er vald inn for ein ny periode i Lærdal sokneråd. Arkiv

Den som fekk flest personrøyster er dagens leiar for Lærdal sokneråd, Audun Mo. 

– Kva tenkjer du etter årets val?

– Det er alltid kjekt å få så mange røyster, det er nok ein indikasjon på at folk tykkjer eg har gjordt ein god jobb. Saka om preikestolen i Tønjum kyrkje var ei vanskeleg sak, og det kan nok virka som at engasjementet har virka inn på valet, seier han.  

Les også: Går frå dør til dør for å sanke underskrifter for preikestolen

Bevisstgjering og sjansen til å påverke

Veum trur bevisstgjeringa kring bispedømerådsvalet, der ein gjekk aktivt ut i saka om vigsling av homofile, har spelt ei rolle. Ho trur også at ein har fått fleire til å røyste, no som kyrkjevalet skjer i samband med kommune- og fylkestingsvalet.

Lokalt trur ho at folk har vorte meir bevisst på kva saker kyrkjerådet jobbar med og at det er mogleg å påverke. 

– Kva rolle trur du fjerninga av preikestolen i Tønjum kyrkje har hatt for valet?

– Den trur eg har vore med for å skapa engasjement blant folk. Det var mange som har lagt til personrøyster under årets val. Her trur eg preikestolen har spelt ei stor rolle, seier ho. 

Det nye soknerådet

Det nye soknerådet i Lærdal tek over 1. november. Før den tid vel dei sjølv ein leiar og ein nestleiar. Her ser du kven som kom inn i Lærdal sokneråd etter valet 14. september. 

Lærda​l sokneråd:

Audun Mo (49 år), Avdelingsleiar,  573 røyster
Anne Karin Brugrand (56 år) Sjukepleiar, 499 røyster
Åse Starheimseter (26 år) Fysioterapaut, 471 røyster
Stein Hallvard Trohaug (48 år) Arkitekt, 470 røyster
Nina Øyre (28 år) Byggesakshandsamar, 465 røyster
Halvard Eri (75 år) pensjonist, 465 røyster

Vara: 

Vebjørn Fagernes (75år), Utviklingsleiar, 459 røyster
Hilde Margrethe Fjellheim (49år), Aktivitør, 449 røyster
Steinar Starheimseter (58 år), Gardbrukar, 439 røyster
Henriette Kvamme (29år), Butikkmedarbeidar, 437 røyster
Dagrun Valaker (50år), Sjukepleiar, 429 røyster

Til toppen