INGA INNSKRIVING: Fleire foreldre har reagert på at det i år ikkje blir felles innskriving av 1. klassingane i kommunen ved Lærdalsøyri skule. Foto: Ole Ramshus Sælthun
INGA INNSKRIVING: Fleire foreldre har reagert på at det i år ikkje blir felles innskriving av 1. klassingane i kommunen ved Lærdalsøyri skule. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Tykkjer det er tuske at det ikkje blir felles innskriving av 1. klassingane

Kate Njåstad, bestemor til ein 1. klassing frå hausten av ved Lærdalsøyri skule, tykkjer tradisjonen med innskriving ikkje burde kuttast ut.

Lærdal: – Det er litt trist for dei det gjeld. Mange av dei gler seg til dette, seier Njåstad.

Det plar vera ein seanse med felles innskriving ved Lærdalsøyri skule før sommarferien der borna som startar i 1. klasse påfølgjande haust blir ropte opp ein etter ein, får helsa på rektor og kontaktlærar og dei har vorte tekne bilete av.

Men dette blir det ikkje noko av i år - innskrivinga skjer ved møte med foreldra.

– Det er eit lite hjartesukk frå ei bestemor; at ein ikkje kan ta seg tid til dette det har vore tradisjon for. Eg har ti barnebarn, og no skal den yngste starta i skulen frå hausten av. Alle dei ni andre barnebarna har vore oppe hjå rektor og fått viskelêr og blyant.

- Det er ikkje mykje og inga stor sak, men altså eit lite hjartesukk, påpeiker Njåstad.

- Beklagar om ungar blir skuffa

Kommunalsjef for kultur og oppvekst i Lærdal kommune, Torunn Liltvedt, stadfester at ordninga med innskriving ikkje blir i år - og at ein god del foreldre har reagert på dette.

- Det handlar ikkje om innsparing eller at me ikkje kan ta oss tid til dette, men at innskrivinga ikkje fungerte som me ønskja. Eg hadde ei valuering med rektorar og lærarar tidlegare i år der me kom fram til at me kutta ut dette.

Noko av grunnen til reaksjonane kan vera at brevet om dette som skulle gått ut til foreldra i april ikkje gjekk ut før i mai.

- Det var ein glipp, og eg beklagar det. Eg beklagar også viss ungar blir skuffa over at me ikkje har innskriving. Viss eg skal læra noko av det, så er det at me bør høyra med foreldra først kva dei meiner. Så får me heller vurdera til neste år att om me tilbakefører innskrivinga, dersom det er sårt sakna.

Liltvedt fortel at ordføraren og ho sjølv skal rundt og helsa på ungane første skuledag, og at ho håpar det er eit plaster på såret.

Til toppen