MANGLER NYHETER: Det store rushet av elbilmodeller lar vente på seg. FOTO: Kallestad, Gorm / NTB scanpix
  MANGLER NYHETER: Det store rushet av elbilmodeller lar vente på seg. FOTO: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Tynt med elbilnyheiter

 Veksten i elbilmarknaden stoppar opp. Mykje av årsaka er at det er få nyheiter – og det kjem ikkje til å forandre seg med det aller første.

I fjor vart det registrert vel 25.000 nye elbilar i Noreg, noko som var ein solid auke frå året før. Så langt i år ser ut til at tala stabiliserer seg. Etter to månader er det så å seie like mange nye elbilar på vegane som i fjor, 3.830 i år mot 3.811 i fjor, ifølgje statistikk frå Opplysningsrådet for Veitrafikken.

– Det er fleire grunnar til dette. Éin er at det kjem få nye elbilmodellar. Tesla Model X kjem rett nok, men det er nok litt uvisse rundt kor mange dei klarer å levere i 2016. I tillegg kjøper nordmenn i hovudsak mellomstore og store familiebilar. I dag er Tesla åleine i dette segmentet. Vi treng både fleire større elbilar og fleire med større rekkjevidd, meiner Christina Bu, generalsekretær i Norsk Elbilforening.

Opel

Utover Model X er det venta at det blir lansert ein elbilmodell til i 2016, Ioniq frå Hyundai. Ioniq har eit batteri som skal gi bilen ei rekkjevidd på inntil 25 mil.

Morten Brusletto, PR-sjef hos den norske Hyundai-importøren, stadfestar at modellen kjem i år, men kan ikkje seie noko meir nøyaktig enn at han kjem hit til hausten.

Så tar det meir av fram mot 2020. Fleire bilprodusentar har stadfesta at dei kjem med elbilar om nokre år. Chevrolet viste Bolt for ikkje lenge sidan, ein bil som i Europa får nemninga Opel Ampera-e.

Da bilen vart presentert mot slutten av 2015, vart det sagt at han skulle ha ei rekkjevidd på 32 mil og ein startpris på 30.000 dollar, tilsvarande 260.000 kroner.

Det er litt uvisst når Ampera-e kjem til Noreg.

– Det er ikkje sagt noko anna enn «neste år», seier Stein Pettersen, PR-sjef hos den norske Opel-importøren.

Meir Tesla

I mars skal Tesla venteleg vise enda ein ny modell, denne gongen Model 3, ein mellomstor familiebil. Det som har komme av informasjon, er at han skal koste 35.000 dollar, det vil seie rundt 300.000 kroner i Noreg. Rekkjevidda blir ikkje like stor som for Model S, men det er venta at han kan gå rundt 35 mil.

– Eg trur det blir den viktigaste bilen vi kjem til å lage, fordi det kjem til å bli ein svært fin bil til ein gunstig pris, sa Tesla-sjef Elon Musk under eit arrangement i Hongkong nyleg.

På den gigantiske og viktige bilutstillinga i Genève, som blir arrangert no, er det generelt få elektriske nyheiter – eller konsept for den del.

Mellomår

Citroën, som sidan 2010 har hatt elbilen C-Zero, viser rett nok det heilelektriske konseptet DS E-tense. Om dette betyr at dei faktisk kjem med ein ny elbil med det første, er likevel uvisst.

– Ingen ny elbil kjem frå Citroën i den aller næraste framtida, så vidt vi veit, seier Ranveig Sønju, informasjonssjef i Citroën Norge.

Bu i Norsk Elbilforening trur likevel at salet kjem til å ta seg opp neste år.

– 2016 blir nok eit mellomår. Det er god grunn til å tru at salet kjem til å skyte fart i 2017, både på grunn av fleire nye elbilmodellar og vidare utvikling av teknologi og rekkjevidd, seier ho.

Luksusbilprodusenten Bentley har òg planar om ein elbil. Volkswagen har vist fram konseptbilen Budd-e, og har i kjølvatnet av diseslskandalen sett av store summar til utvikling av bilar med utsleppsfrie drivlinjer. BMW har rettane til i1 til i9.

Til toppen