LEGEVAKTNUMMER: Frå 1. september skal ein ringja 116117 dersom ein treng råd eller lettare medisinsk hjelp hjå legevakt. Arkivfoto: Eivind M. Øren.
LEGEVAKTNUMMER: Frå 1. september skal ein ringja 116117 dersom ein treng råd eller lettare medisinsk hjelp hjå legevakt. Arkivfoto: Eivind M. Øren.

Tysdag blir det felles legevaktnummer for heile landet

Frå og med tysdag er det einaste nummeret du treng å hugse 116117 dersom du skal ringe legevakta.

Årdal/Lærdal: – Det blir enklare for dei som er ute og reiser, men det er også veldig nyttig for oss andre å ha eit enkelt og greitt nummer til legevakta. Dessutan er det eit gratisnummer for å koma i kontakt med lokal legevakt, seier Terje Olav Øen, som er prosjektleiar i Helsedirektoratet for innføringa av Nasjonalt legevaktnummer, til NRK.

Det nye nummeret blir innført frå 1. september for heile landet og etter kvart også i heile Europa.

– Dette er den nye europeiske standarden for å få tak i ein lege på vakt, og det er allereie innført i Tyskland og Austerrike, og Noreg er veldig tidleg ute, fortel Øen.

Nummeret – 116117 – kan ringast dersom ein treng råd eller lettare medisinsk hjelp. Dersom det er behov for akutt hjelp, skal ein framleis ringe 113. (©NTB)

Til toppen