HOPPEKONKURRANSE: Mange skular i Indre Sogn deltek på Nasjonalforeningen for folkehelses store hoppetaukonkurranse. Sjekk om din skule deltek. Foto: Halvor Farsund Storvik. 
HOPPEKONKURRANSE: Mange skular i Indre Sogn deltek på Nasjonalforeningen for folkehelses store hoppetaukonkurranse. Sjekk om din skule deltek. Foto: Halvor Farsund Storvik. 

Tysdag går startskotet for to veker med hopping

Mange skular i Indre Sogn deltek på Nasjonalforeningen for folkehelses store hoppetaukonkurranse. Sjekk om din skule deltek.

Startskotet for hoppetaukonkurransen er tysdag denne veka. På landsbasis deltek over halvparten av barneskulane på konkurransen som varar frå 2. mai til 12. mai.

Også i Indre Sogn er det mange som deltek. I fjor vann elevane ved Borgund skule konkurransen i Sogn og Fjordane. 

– Å hoppe tau er morosamt, utfordrande og sosialt. I tillegg er det bra for helsa. Me ønskjer å inspirere barn til å vere meir aktive i sin skulekvardag, seier Lisbet Rugtvedt, generalsekretær i Nasjonalforeningen for folkehelsen.

– Glade og aktive barn lærer og trivast betre på skulen. Ved å delta på Hopp for hjertet får elevane moglegheit til å erfare gleda av å vere i aktivitet saman.

På tolv år har konkurransen gått frå engasjere 40 000 ungar rundt om landet til over 100 000 i 2017. Målet er å syne at fysisk aktivitet er både morosamt og bra for helsa, og at det fint kan kombinerast med fag og undervisning.

Desse skulane deltek i Indre Sogn

Aurland barne- og ungdomsskule Aurland
Flåm skule Aurland
Leikanger barneskule Leikanger
Gaupne skule Luster
Hafslo barne- og ungdomsskule Luster
Indre Hafslo oppvekstsenter Luster
Jostedal oppvekstsenter Luster
Luster oppvekstsenter Luster
Skjolden oppvekstsenter Luster
Solvorn oppvekstsenter Luster
Veitastrond skule Luster
Borgund skule Lærdal
Trudvang skule Sogndal
Farnes skule Årdal

 

Til toppen