Domažlice/Sogndal: Førstnemnde kjem frå Vågsøy, men spelar til dagleg i Kaupanger, medan sistnemnde kjem frå Sogndal. Bjelde spelar derimot for Arna-Bjørnar, men har bakgrunn i Kaupanger ho også.
I april blei det klart at begge to er uttekne i U17-troppen til Noreg som er på plass i Tsjekkia for å delta i EM. For begge er dette eit høgdepunkt i ei forholdsvis ung karriere.
– Dette blir vel sikkert det største eg har vore med på innanfor fotballen, seier Tennebø til Porten.no.
Stort
Både ho og landslagskameraten Bjelde håpar på mest mogleg speletid i mesterskapet, som startar i dag mot Nederland klokka 11.00.
– Det er utruleg gøy og stort å vere med. Eg set utruleg stor pris på det. Me har det bra her nede, og no gler me oss ekstremt til å spela kampen, seier Bjelde.
– Eg får håpe eg får spela mest mogleg. Viss eg får sjansen, så skal eg gjere så godt eg kan. I tillegg ønskjer me å koma så langt som mogleg med laget, legg ho til.
Litt nervar på plass
Nederland vert skildra som eit lag som liknar på Noreg. I haust slo årets U17-lag Nederland 2-0 i kvalifiseringa. Dei andre motstandarane i Noreg si gruppe er England og Irland.
– Eg er ganske spent på det som kjem. Eg reknar med å møte god motstand, men eg gler meg mest. Det er ikkje så mange som får oppleve noko slikt, meiner Tennebø, som ønskjer å kome så langt ho kan med fotballen.
– Det kjem sjølvsagt nokre nervar, og eg er litt spent, men eg får håpe det blir ei god oppleving som eg kjem til å ta med meg vidare. Det blir heilt sikkert supert, legg Bjelde til.