GODE VENER MØTEST I TYSDAGSKLUBBEN: Frå venstre: Simon Mehus og Even Liseth Stigen. Simon bur i Årdal, Even i Aurland, og båe gledar seg kvar veke til å møtast i tysdagsklubben. (Bilde:  Snorre Sandemose)
ARBEIDSKOLLEGAER OG VENER: Karin Nesse, t.v, og Reidun Hestetun er kollegaer på ASVO på Årdalstangen. Nesse jobbar på systova og Hestetun på vaskeriet. (Bilde:  Snorre Sandemose)
BINGO: Karin Nesse har fått bingo, og kjem fram og hentar ein vinst (Bilde:  Snorre Sandemose)
VINSTEN STOD TIL KLEDA: Artig nok harmoniserte premiane som Nesse vann med blusen. (Bilde:  Snorre Sandemose)
EIN AV DEI SOM FEKK BINGO: Også Simon Mehus var blant dei få heldige som fekk bingo denne tysdagen, her har han fått vinsten. (Bilde:  Snorre Sandemose)
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )
(Bilde:  )

Tysdagsklubben spreier glede for 28. året på rad

Til saman tel klubben kring 30 deltakarar, med dei som hjelper til. Her er det eit breitt spekter av personlegdomar, og alle trivst dei og hyggjer seg i klubben saman.

LANG FARTSTID I KLUBBEN: Liv Eldegard har arbeidd med tysdagsklubben sidan 1990. Også Arne Lamheller, til venstre, har gått i klubben fast sidan byrjinga. Han arbeider til dagleg i HMR Hydeq AS, og hjelper alltid til med å rydda opp klokka halv åtte når alle skal heim.
LANG FARTSTID I KLUBBEN: Liv Eldegard har arbeidd med tysdagsklubben sidan 1990. Også Arne Lamheller, til venstre, har gått i klubben fast sidan byrjinga. Han arbeider til dagleg i HMR Hydeq AS, og hjelper alltid til med å rydda opp klokka halv åtte når alle skal heim. Bilde:  Snorre Sandemose

Årdal: – Eg elskar Tysdagsklubben. Eg får so mykje av å vere med i denne klubben, og alle som kjem hit er so glade og takksame for det me gjer for dei, seier Liv Olaug Eldegard.

I «Kjedlaren» til samfunnshuset i Øvre Årdal kjem alle dei som ynskjer det på Tysdagsklubben kvar bidige tysdag, dei fleste er årdøler. Klubben byrjar alltid med matservering og so dans. Kvar tredje tysdag varar dansen langt utetter kvelden, kvar tredje tysdag er det bingo etter dansen, og kvar tredje tysdag er det ei kunnskapstevling som rundar av kvelden, fram til klokka halv åtte.

Eldegard har på vegne av kommunen hatt overoppsynet med klubben sidan han vart sparka i gang i 1990, og kommunen løyver midlar og ser til at klubben går sin gang.

Klubbgangarane hyggjer seg

STOR STEMNING PÅ DANSEGOLVET: Reidun Hestetun (i midten) tek med seg CD-ar til tysdagsklubben, med Ole Ivars og andre som skapar stemning. Hestetun har nyleg byrja å koma til klubben, og det ynskjer ho å halda fram med. Ho kjem tidleg og legg dukar på borda og tenner ljos til maten. Ho har full jobb i ASVO og jobbar òg med å køyra ut mat til pensjonistar. Til venstre Karin Nesse, til høgre Gry Leistad, kollegaer i ASVO båe to.
STOR STEMNING PÅ DANSEGOLVET: Reidun Hestetun (i midten) tek med seg CD-ar til tysdagsklubben, med Ole Ivars og andre som skapar stemning. Hestetun har nyleg byrja å koma til klubben, og det ynskjer ho å halda fram med. Ho kjem tidleg og legg dukar på borda og tenner ljos til maten. Ho har full jobb i ASVO og jobbar òg med å køyra ut mat til pensjonistar. Til venstre Karin Nesse, til høgre Gry Leistad, kollegaer i ASVO båe to. Bilde: Snorre Sandemose  

– Bingoen er veldig fin, og so er det so kjekt å høyra på musikk, seier Karin Nesse.
– Og so er det kjekt å dansa litt, skyt Reidun Hestetun inn. 

Dei dansar til musikken, og mange av cd-skivene er det Hestetun som har teke med. 

Det var stor stemning på dansegolvet like før det var på tid å starta bingotevlinga. Gledesspreiande tonar og ord frå svensktoppen Lasse Stefanz fylte «kjedlarn», og han sang: «...du er lyckan, du er solen, du er allting för mig..."

På eit bord nært dansen sit Gudrun Slinde. Ho er den eldste klubbgangaren, og ei av dei få som har vore med sidan oppstarten i 1990.

– Før om åra syntest eg dansen var kjekkast, men no er det bingoen, seier ho. 

Og so slår Slinde, som snakkar eit vent sognamål, om til svensk. 

VETERANEN I KLUBBEN: Gudrun Slindre, t.h. er den eldste medlemen i klubben, 79 år. Ho har vore med fast sidan oppstarten. Før lika ho best å dansa, men dei siste åra er det bingoen ho set høgast. Ho er årdøl, men kjem opphavleg frå Leikanger, og talar eit vakkert sognamål med gamalmodig dåm. Til venstre Anne Britt Hovland.
VETERANEN I KLUBBEN: Gudrun Slindre, t.h. er den eldste medlemen i klubben, 79 år. Ho har vore med fast sidan oppstarten. Før lika ho best å dansa, men dei siste åra er det bingoen ho set høgast. Ho er årdøl, men kjem opphavleg frå Leikanger, og
talar eit vakkert sognamål med gamalmodig dåm. Til venstre Anne Britt Hovland.
Bilde:  Snorre Sandemose

– Det er trevligt att komma ut och spela! Det är folk här, jag gillar det! Bingo er mycket fint, och det er trevligt att lyssna till musik, seier Slindre.

Ho fortel til Porten.no at ho var i Sverige for 20 år sidan, og at ho likar å tala litt svensk stundom.

Når bingoen seinare var i gang, fekk ho hjelp av Anne Britt Hovland til å føra oppsyn med tala. Hovland har fartstid frå Hydro, og hadde ikkje sett Slindre på 15 år. Ho lurte på om Slindre kjende henne att. 

– Ja visst kjenner eg deg Anne Britt, sa Slindre, og la til: – Eg kjenner no mor di med. 

Eldegard har stått på i snart 30 år, og tenkjer ikkje å gje seg 

– Klubben betyr veldig mykje for dei som kjem hit. Han er so innbarka, og dei er so glade i å ha noko fast å gå til slik ein gong i veka. Og alle set pris på at arrangementa og matserveringa fylgjer faste råmer, fortel Eldegard. 

Det er eitt mattema kvar gong, som regel bollar, hamburgar, vafler, pizza eller pannekaker, og kva for mat det vert dei ulike kveldane er fastlagt lang tid i førevegen.

– Alle som kjem hit, også dei som ikkje har språk, veit når det er tysdag, fortel Eldegard.

TIDLEGARE VAR DET TORSDAGSKLUBBEN: Før var det torsdagane som galdt. Men då Liv Eldegard og mannen hennar Agnar Eldegard, t.v,, fekk seg hytte i Gulen, laut klubben heller verta ein tysdagsklubb. Agnar Eldegard har også bidrege i mange år, mellom anna som bingoverten. Her samtalar dei med Reidun Hestetun, ein av gledesspreiarane i klubben.
TIDLEGARE VAR DET TORSDAGSKLUBBEN: Før var det torsdagane som galdt. Men då Liv Eldegard og mannen hennar Agnar Eldegard, t.v,, fekk seg hytte i Gulen, laut klubben heller verta ein tysdagsklubb. Agnar Eldegard har også bidrege i mange år, mellom anna som bingoverten. Her samtalar dei med Reidun Hestetun, ein av gledesspreiarane i klubben. Bilde:  Snorre Sandemose

Dagen vert ein merkedag i veka. Når tysdagen kjem, snakkar dei om at dei ser fram til Tysdagsklubben.

– Også dei som ikkje har språk, seier orda «tysdag», «klubben» eller «tysdagsklubben» når tysdagsmorgonane kjem, for dei gler seg til kvelden, fortel Eldegard.

Ho er 70 år og ynskjer å halda fram som før tysdagskveldane. Ho har so mykje att for det, og dei som kjem er so takksame.

– Eg vil aldri gå frå klubben. Eg vert i tysdagsklubben til eg får sparken, seier Eldegard, og ikkje berre på skjemt.

Ann Kristin Øyre Tråi, som har jobba innan omsorg i kommunen i 34 år, og kollega av Eldegard i tysdagsklubben, fortel so at klubben er det einaste aktivitetstilbodet og kveldstilbodet som mange av dei som kjem til klubben har att.

– Tidlegare hadde dei som kjem hit eit idrettstilbod og eit badetilbod. Og dei fekk koma til eit hestesenter, men alt dette har vorte teke ifrå dei, fortel Eldegard og Tråi.

Til toppen