SUSTE FORBI: Føraren av ein tysk turistbuss vart meld til politiet fordi han ikkje stoppa i trafikkontroll på Håbakken. Føraren vart òg politimeld for brot på køyre- og kviletida. Foto: arkiv.
SUSTE FORBI: Føraren av ein tysk turistbuss vart meld til politiet fordi han ikkje stoppa i trafikkontroll på Håbakken. Føraren vart òg politimeld for brot på køyre- og kviletida. Foto: arkiv. (Foto: Arkiv)

Tysk buss stoppa ikkje for kontroll

Då han til slutt vart stoppa i Lærdalstunnelen hadde sjåføren mykje å svare for.

Lærdal: Ein tysk buss køyrde i dag forbi kontrollen ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal, men vart seinare stogga inne i Lærdalstunnelen og teken med tilbake. Det opplyser Statens vegvesen.

Der synte det seg at fartsskrivaren i bussen ikkje var kalibrert dei siste to åra.

Føraren av bussen vart meld til politet for brot på køyre- og kviletida, i tillegg til at han ikkje stoppa for kontroll. 

Bussjåføren vart òg pålagd å ta vekekvila før han får køyre vidare.

Til toppen