EKSTREM C: C-klasse er ein mellomstor bil. Under panseret er det ein V8 på 510 hestekrefter. Det er hemningslaust. Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema.
EKSTREM C: C-klasse er ein mellomstor bil. Under panseret er det ein V8 på 510 hestekrefter. Det er hemningslaust. Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema.

Tysk muskelbil

Den nye Mercedes-Benz C-klasse er ein elegant, smart og fornuftig familiebil. AMG C 63 S Coupé er den ville broren som ikkje klarer å stave ordet «fornuft».

Mercedes-Benz-avdelinga AMG liker heilt tydeleg å ta litt av. I ei tid der nedskalering er ordet som gjallar mellom veggene i dei aller fleste bilfabrikkar, rullar dei ut ein versjon av C-klasse med ein V8 motor på 510 hestekrefter. No skal det seiast at dei faktisk har tatt litt rev i segla; den førre utgåva av C63 S hadde eit vilt motorvolum på 6,2 liter, mens den nye versjonen nøyer seg med 4,0 liter. Samtidig har effekten auka med vel 60 hestekrefter.

Resultatet står det respekt av, og det er ein bil ein òg må vise respekt. I tillegg til den saftige effekten har han 700 newtonmeter i dreiemoment, og bakhjulstrekk. Dette er ein bil ein kan oppleve hjulspinn med nær sagt uansett fart, og ein når hundre frå stillståande på 3,9 sekund.

Byggje sjølvtillit

AMG C63 S er ein bil ein må byggje sjølvtillit i. Er du litt uvørden med gassen, slår han tilbake. I sportsmodus er bilen så kontant at det nærmast er uråd å køyre han i byen utan å sjå ut som ein idiot. Han hogger til og slepper laus eit motorbrøl som får folk i ein radius på hundre meter til å søkje dekning. Det er så definitivt eit godt råd å bruke komfort-innstillinga i tettbygde strøk. Her kan det òg vere greitt å la eksosanlegget vere i roleg-modus, noko ein kan styre via ein knapp på midtkonsollen.

Artikkelen held fram under biletet.

TØFF: AMG-versjonen har breiare hjulbogar, litt andre luftinntak framme og eit meir markert panser enn standardutgåva av C-klasse Coupé. I tillegg har bilen her matt lakk, noko han kler godt.
TØFF: AMG-versjonen har breiare hjulbogar, litt andre luftinntak framme og eit meir markert panser enn standardutgåva av C-klasse Coupé. I tillegg har bilen her matt lakk, noko han kler godt.

Da blir han litt tammare og held seg meir i taumane. Vel ute av byen, der ein kan losne halsbandet, blir det ein vill bil – på ein utruleg morosam måte. Sjølvsagt er det nærmast umogleg å jage dei høge turtala utan å måtte leggje inn nokre veker med pallesnikring i neste ferie, men du blir lett avhengig av å svinge bilen oppover morosame vegar.

Leikebil

Lyden og kreftene er av den gamle skulen med tung V8-buldring og ein akselerasjon som gir dottar i øyra. Det kjennest som ein leikebil med diger motor. Samtidig er det så definitivt ikkje ein bil som berre er laga for å vinne lyskryss. Han har ein nydeleg balanse, og etter litt tid kjem du i ein fin duett med bilen. Presis styring, kontant girkasse og veldige krefter som skal i bakken via dei massive bakdekka, gir ei køyreoppleving som kan hengjast opp på veggen.

Artikkelen held fram under biletet.

SIGNERT: Alle AMG-motorane er handlaga og signert av ingeniøren som har vore ansvarleg for akkurat denne motoren.
SIGNERT: Alle AMG-motorane er handlaga og signert av ingeniøren som har vore ansvarleg for akkurat denne motoren.

AMG-avdelinga byr på ei omfattande sanseoppleving i ein bil som dette. Og det bør det vere òg. For startprisen er på nær 1,3 millionar kroner, noko som er rundt 900.000 meir enn den billigaste versjonen av C-klasse Coupé.

Har baksete

Etter ein tur på ein del timar stig du ut av bilen med ei anna kjensle enn varianten med 156 hestekrefter kan gi. Det kan godt tenkjast at du ikkje heilt hugsar korleis interiøret i bilen er, men du har heftige minne frå ein veg som slyngjer seg så langt du kan sjå. Kanskje sit du igjen med ei kjensle av at du har styrt bilen med korsryggen, kjent korleis du har prøvd å dosere kreftene på ein effektiv måte, funne flyten og kjent korleis framhjula sit mens bakhjula er på grensa til å leite etter grep?

Artikkelen held fram under biletet.

GREITT: Interiøret er ikkje av dei mest moderne, men det er funksjonelt, og byggjekvaliteten er høg.
GREITT: Interiøret er ikkje av dei mest moderne, men det er funksjonelt, og byggjekvaliteten er høg.

Det for slike turar ein bil som dette finst. Han er ikkje laga for å gjere særlege utslag på fornuftsskalaen, men skulle du ha behov for å rettferdiggjere eit kjøp, så kan det nemnast at han har baksete og eit bagasjerom som tar 355 liter. Men det kan nok vere fornuftig å skilje mellom dei minnerike turane der ein kjenner kor kvikk og balansert bilen er, og turane der ein har fylt opp seta med passasjerar.

 

Til toppen