FEM MILLIARDAR: Til saman har det tyske investeringsselskapet Aquilla Capital dei to siste åra brukt nærmare fem milliardar kroner på å sikra seg norske vind- og vasskraftverk. Illistrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes
FEM MILLIARDAR: Til saman har det tyske investeringsselskapet Aquilla Capital dei to siste åra brukt nærmare fem milliardar kroner på å sikra seg norske vind- og vasskraftverk. Illistrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes (Foto: Truls Grane Sylvarnes. Illustrasjonsbilete. Ikkje frå Aurland)

Tyskarar kjøper opp norske småkraftverk

Manglande norsk interesse for å investera i norsk kraftutbygging, gjer at stadig fleire småkraftverk i Noreg blir kjøpte opp av tyske investorar.

Det tyske investeringsselskapet Aquilla Capital har kjøpt seg inn i fire større småkraftselskap i Noreg og kontrollerer no 100 lokale vasskraftverk. Dei har også sirka seg rettane til å byggja ut over 100 nye kraftverk, skriv Bergens Tidende.

Til saman har selskapet dei to siste åra brukt nærmare fem milliardar kroner på å sikra seg norske vind- og vasskraftverk, fortel avisa.

– Vi ser at det er behov for meir fornybar energi, og vi ser at det er behov for meir kapital for å få det til. Vi fører desse to verdene saman, seier direktør Oldrik Verloop i det tyske selskapet.

Han er overraska over at selskapet ikkje har møtt konkurranse frå norske aktørar.

– Med den historia Noreg har for kraftutbygging, all ekspertisen de har på vasskraft og all kapitalen som er tilgjengeleg, hadde vi venta konkurranse, seier Verloop.

Ser potensial i Europa

Tyskaren meiner den manglande interessa frå norske selskap har opna nye moglegheiter for det tyske selskapet og har stor tru på at investeringane i norske småkraftverk.

– Gjennom Småkraft AS har vi ei veldig god plattform for å ekspandera og tilby stabil grøn kraft til Kontinentet, seier han.

Den tyske investoren seier selskapet har blitt godt motteke i Noreg.

– Mange grunneigarar kunne aldri bygd kraftverk utan oss, seier han.

Begeistring og skeptisk

Meiningane om den utanlandske investorane er delte. Ordførar i Masfjorden Karstein Totland (H) høyrer til dei som meiner det viktigaste er at nokon vil investera.

Men ikkje alle er like glad for utviklinga. Fleire småkrafteigarar avisa har snakka med likar dårleg tanken på å selja til utlendingar.

– Det er ein nasjonal tragedie om vi lét utlendingane ta hand om kraftproduksjonen, seier kraftveteranen Otto Dyrkolbotn (80) i Lindås.

Stortingspolitikar Geir Pollestad (Sp) i Stortingets næringskomite likar heller ikkje at utanlandske investorar kjøper opp den lokale vasskrafta. Han skulle ønskt seg lokale eigarar eller norske pensjonsfond.

– Men det hjelper lite å appellera til norsk kapital å tenkja langsiktig og forstå kva fallgruve det er å eiga ein evigvarande naturressurs, seier han. (©NPK)

Til toppen