TEK OPP KAMPEN: F.v. Hilmar Høl og Torbjørn Vereide frå Sogn og Fjordane Arbeiderparti er oppgitte over forholda i transportnæringa.
TEK OPP KAMPEN: F.v. Hilmar Høl og Torbjørn Vereide frå Sogn og Fjordane Arbeiderparti er oppgitte over forholda i transportnæringa. (Foto: Sindre Hornnes)

MEININGAR

Uaktuelt å innføre EU sitt lovforslag for transportnæringa – skapar høgare risiko for sjåførar på norske vegar

EU er på veg med eit nytt lovforslag for transport, som vil utvide rettane til utanlandske transportfirma.

Meiningar: Transportnæringa vår står allereie i møte med betydelege utfordringar. Varierande tryggleik, låge lønningar og pressa konkurransekraft er berre nokre av stikkorda. Det nye forslaget for transport kan gjere dette mykje verre. Det vil vi ta kampen mot.

I vinter blei ein litauisk sjåfør vinka til sides i Sogn og Fjordane. Til myndigheitene si overrasking blei sjåføren lukkeleg for å bli «tatt» i kontroll. Kontrollørane fekk omvising på alt frå bremser og køyretid til dekk og kjettingar. Traileren var ikkje trygg å køyre på vintervegane, og traileren var heller ikkje trygg å møte på vintervegane. Pålegg og bøter blei sjåføren sin einaste sjanse for å presse transportselskapet til å rette opp i alle manglane på vogntoget.

Pålegg og bøter blei sjåføren sin einaste sjanse for å presse transportselskapet til å rette opp i alle manglane.

Hilmar Høl, fylkesleiar i Ap. Torbjørn Vereide, fylkestingsrepresentant i Ap.

Taparane er sjåførane

Andre avsløringar viser at sjåførar (vanlege menneske) blir tvungen til å leve, ete og sove i køyretøyet sitt i opp til fleire månadar om gangen. Samstundes viser det seg ved fleire høve at sjåførar blir pressa til å godta det som grensar til ulovleg lave lønningar. Det burde seie seg sjølv at trailerane må ha ein utkvild sjåfør bak rattet, effekt i bremsene og vintergrep på dekka. Diverre er det fleire døme som viser at dette verken er sjølvsagt eller sjølvgjort.

Dette er faren med det nye lovforslaget. I tal frå SSB og Statens Vegvesen rekna vi oss fram til at 570 tomme lastebilar passerar grensa inn til Noreg kvar einaste dag. Når ein slik lastebil kjem inn i landet på eit oppdrag, kan den slik lovverket er i dag, påta seg tre oppdrag på sju dagar før dei må køyre ut av landet. 

Det burde seie seg sjølv at trailerane må ha ein utkvild sjåfør bak rattet [...]. Diverre er det fleire døme som viser at dette verken er sjølvsagt eller sjølvgjort.

Hilmar Høl, fylkesleiar i Ap. Torbjørn Vereide, fylkestingsrepresentant i Ap.

Det nye lovforslaget vil gjere det slik at den same lastebilen kan gjere så mange oppdrag den vil innan ein femdagars periode. I teorien kan dei då køyre inn i Noreg med symbolsk last, påta seg ubegrensa oppdrag og så køyre over grensa til Sverige femte dagen ta ei kvile helg der, og så køyra inn igjen i Noreg med «tom» last. Dette vil desse transportfirmaene kunne tene mykje penger på. Og taparane her er sjåførane. 

Allereie i dag kan EØS-transportørar køyre inntil tre innanlandske oppdrag i løpet av sju dagar. Om det nye transport-regelverket til EU blir innført i Noreg, vil dette blir endra til fem dagar køyring og eit ubegrensa tal med fraktoppdrag.

Norsk Transportarbeidarforbund og Norsk Lastebileigarforbund har ved gjentekne høve varsla om konsekvensane av dagens regelverk. Difor ser vi det som heilt uaktuelt å innføre eit regelverk som gjere dette enda verre.

Noreg må bruke reservasjonsretten mot dei foreslåtte reglane

Vi skal sjølvsagt ikkje felle den same dommen over alle transportselskap som kjem frå Aust-Europa. Vi meiner heilt klart at det også er utfordringar i den norske delen av transportsektoren. Organiseringsgraden må styrkast, og arbeidsvilkåra betrast. Likevel ser vi det som heilt naudsynt at vi tek eit oppgjer med internasjonale selskap som hentar profitten på bekostning av arbeidsvilkåra og tryggleiken på vegane våre.

Dette er bakteppet. Difor seier vi det klart og tydeleg: Noreg må bruke reservasjonsretten mot dei nye reglane EU foreslår. Vi håper at du vil stå med oss og dele engasjement, for dette blir ein viktig kamp for heile transportnæringa.

Til toppen