UAKTUELT: Sidan Dooria-bygget står tomt kan dte blir aktuelt å nytte dette som eit mottak for flyktningar i ein akuttfase, men Årdal kommune jobbar med å få næringsaktivitet inn i bygget, fortel ordførar Arild Ingar Lægreid. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UAKTUELT: Sidan Dooria-bygget står tomt kan dte blir aktuelt å nytte dette som eit mottak for flyktningar i ein akuttfase, men Årdal kommune jobbar med å få næringsaktivitet inn i bygget, fortel ordførar Arild Ingar Lægreid. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Uaktuelt å nytte Dooria-bygget til asylmottak

Kommunen jobbar med å få næringsaktivitet inn i bygget.

Årdal: I desse dagar jobbar Fylkesmannen med å finne stader i Sogn og Fjordane som eignar seg som mottak i ei akutt flyktningkrise.

Alle kommunar i landet er bedne om å delta i kartleggjinga for å bidra til å ta unna den enorme straumen med flyktningar og asylsøkjarar som kjem til Noreg kvar veke.

Næringsplanar

Seinast måndag denne veka gjekk fylkesmann Anne Karin Hamre ut med ei oppmoding å finne store bygg som kan huse 1000 personar i ein akuttfase. I den samanheng vart det tomme Dooria-bygget på Årdalstangen plutseleg aktuelt.

Les også: Hastekartleggjing av potensielle mottak for flyktningar

– Me fekk ein førespurnad om dette og svarte at det er heilt uaktuelt med det som asylmottak. Me jobbar med konkrete næringsplanar for bygget, og me er inne i ein mogleg sluttfase no, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.

Artikkelen held fram under biletet.

MOTTAK: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fått i oppdrag å kartleggje tomme bygg som kan nyttast til mottak for flyktningar og asylsøkjarar. I den samanheng er Dooria-bygget aktuelt.
MOTTAK: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fått i oppdrag å kartleggje tomme bygg som kan nyttast til mottak for flyktningar og asylsøkjarar. I den samanheng er Dooria-bygget aktuelt.

– Årdal kommune held seg til eksisterande mottak, noko me har informert Utlendingsdirektoratet og Fylkesmannen om.

Fyller heller opp eksisterande mottak

For litt over to år sidan vart det etablert eit asylmottak med plass til 150 personar i kommunen. I avtalen kommunen har med UDI er det opsjon på inntil 30 pluss 30 plassar til. 

Lægreid fortel at dei har vore i samtalar med regiondirektør Atle Berge i UDI Vest om å ta i bruk den eine opsjonen. I så fall aukar ein talet på asylsøkjarar med 30.

Les også: Ber kommunane ta snarvegar for å busetje fleire flyktningar

– Det var snakk om at me ikkje skulle ta i bruk den opsjonen, men med den situasjonen som er no, ønskjer dei å opna den eine først. No kjem det iallfall 30 til, og me nærmar oss 200 i Årdal, seier han.

– Dette har litt med samfunnsmessige konsekvensar med press på kommunale tenester, så me vil heller fylle opp eksisterande mottak enn å byrje på nytt. 

– Fleire må ta ansvar

Ordføraren meiner i likskap med fleire av sine kollegaer som også har asylmottak i kommunen sin at fleire må vere med på å dele ansvaret.

– Eg tykkjer at med det presset som er i landet no må nye mottak fordelast meir jamnt på alle kommunane. Me meiner me tek vårt ansvar med å auka eksisterande asylmottak. 

Til toppen