UAVGJORT: Det blei 2-2 mot Førde heime i Sogndal for Fjøra søndag kveld. Arkivfoto
UAVGJORT: Det blei 2-2 mot Førde heime i Sogndal for Fjøra søndag kveld. Arkivfoto

Uavgjort for Fjøra: – Surt når det skjer på den måten

Fjøra hadde sigeren i lomma, men det glapp på overtid

Sogndal: – Gutane leverer ein veldig bra kamp og står bra i det. Så er det sjøvsagt veldig surt å tapa poeng på den måten. Men slik fotballen er av og til, seier trenar Sondre Skrede.

Sogndølene leia 2-0 etter etter mål av Joar Hoberg og Mathias Flo, begge måla i løpet av den første halvtimen. Førde reduserte nokre minuttar før pause og eitt minutt på overtid kom også utlikninga

– Dette var ein kamp me hadde peika oss ut før sesongen som me hadde trua på me kunne vinna. Men det er mange kampar att, seier Skrede, som var trenar i sin første kamp etter at Håvard Hatle trekte seg som trenar tidlegare i veka.

Les også: Trenaren føler seg motarbeidd: – Eg er ikkje bitter

Fjøra ligg sist i sin avdeling i 4. divisjon med seks poeng.

Til toppen