UAVGJORT: Sogndal spelte uavgjort borte mot Stjørdals-Blink.
UAVGJORT: Sogndal spelte uavgjort borte mot Stjørdals-Blink. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Hadde sigeren i lomma, men heimelaget utlikna like før kampslutt

Reiser heim att til Sogn med eitt poeng i bagasjen.

Stjørdals-Blink-Sogndal: 2-2 (1-2)

Sogndal spelte i kveld uavgjort mot Stjørdals-Blink, etter å ha hatt sigeren i lomma fram til det 85. minutt.

Slik som dei to føregåande kampane tek Sogndal raskt leiinga, og etter sju minutt dundra Mathias Blårud ballen i mål. Nesten ein halvtime seinare utlikar Erik Kartum for Stjørdals-Blink. Kun seks minutt seinare og 40 minutt spelt, går Sogndal på ny opp leiinga. Målet vart skåra av Tomas Totland. Like før slutt tuklar sogningane det til, og Stjørdals-Blink utliknar til 2-2. 

Sogndal ligg no på på fjerdeplass i OBOS-ligaen, fem poeng bak direkte opprykk til Eliteserien.

Til toppen