NØGD: Eirik Bakke er nøgd med lagets prestasjonar i treningskamp mot Viking, der det enda 0-0.
NØGD: Eirik Bakke er nøgd med lagets prestasjonar i treningskamp mot Viking, der det enda 0-0. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Uavgjort i Stavanger for Sogndal: – Bra at me held nullen

Sogndal slapp ikkje inn mot Viking, men scora heller ikkje sjølv.

Viking – Brann 0-0

Stavanger: Eirik Bakke var nøgd med at laget hans heldt nullen i treningskampen mot Viking torsdag ettermiddag.

Det er ikkje Eliteseriespel før neste helg att på grunn av landslagspausen. Då passa det fint å få testa seg mot vestlandskollega Viking før ein annan vestlandskollega ventar 9. september.

– Det var viktig for oss å få ein kamp no i den internasjonale pausen. Resultatet er me ikkje så oppteken av, men det er flott at me heldt nullen, seier Bakke til klubbens heimeside.

Sogndal gjorde seks bytter i 2. omgang. Mellom anna kom Fofana, Brændsrød og Soltvedt inn frå benken.

– Det er viktig at fleire får prøvd seg mot Eliteserie-motstand, og det passa oss bra med ein treningskamp i Stavanger. No set me fokuset mot Brann til neste helg. Då skal me trøkke til, legg Bakke til.

For Bjørn Inge Utvik var det viktig å få ein graskamp inn i beina før den viktige Brann-kampen i neste runde.

– Det var fint å få ein graskamp i beina no inn mot Brann-kampen til neste helg, men me sleit litt med å finne den gode rytmen i dag

Til toppen