Det var ikkje så alt for mykje som skjedde i siste kampen for 4.divisjonslaga, og Høyang enda på 8.plass, og Studentspretten på 4. på tabellen.
Det var ikkje så alt for mykje som skjedde i siste kampen for 4.divisjonslaga, og Høyang enda på 8.plass, og Studentspretten på 4. på tabellen. (Foto: Janne Merete Bøyum)

Uavgjort kamp for Høyang og Studentspretten

Trenar for Høyang Leif Arne Tveit er fornøyd med laget trass i resultatet.

Sogndal: Det er siste kamp i sesongen for Høyang og Studentspretten, og den blir avgjort på Kvåle Stadion fredagskveld. Alle andre lag i divisjonen spelar laurdag, men grunna at denne kampen ikkje var viktig for nokon av laga med tanke på opprykk eller nedrykk så fekk dei ta den ein dag før.

Det regnar og er kaldt, men dei få i publikum som har møtt opp, heiar så bra dei kan.  Jakob Rømo sender ballen i mål for Høyang allereie etter 11 minuttar ut i første omgang. Det er ikkje så mange fleir farlege sjansar i første omgang, men høyangkeeperen må slå vekk nokre nære ballar då Studentspretten pressar på ekstra hardt rett før pause. Me går til pause med 1-0 til Høyang.

Sklei på bana 

I andre omgang etter berre fire minuttar ut sklir Høyang-spelar Sander Olsen rett framfor mål, og får ikkje sparka vekk ballen. Då fekk Studentspretten ein kjempesjanse, og dei tok den, og Morten Mathisen trilla ballen i mål.

Det er ikkje mange fleire store sjansar i kampen, og den endar uavgjort på Kvåle Stadion i kveld. 

Trenar for Høyang Leif Arne Tveit er fornøyd med kvelden trass i resultatet.

– Når me møte Studentspretten som er nummer fire på tabellen, og spela jamt og kanskje kunne ha vunne i kveld, så synest eg me har gjort stor framgang spelemessig, seier Tveit.

Han seier dei hadde ein ok vårsesong, og begynte haustsesongen skrekkeleg. Etter at dei tapte 9-1 mot Eid i haust, var dei ikkje høge i hatten. Men så skjedde det noko med både trenarar og spelarar, og etter det seier han dei spelte dei godt. 

– Me har vore solide på heimebane og slite på bortebane. Men frå nyopprykk frå femte divisjon i fjor, så synest eg det er sterkt spel, sier han.

Til toppen