Uavgjort på Viking stadion

Det blei 0-0, då Sogndal gjesta Viking stadion måndag. 

Sogndal: Måndag gjesta Sogndal Viking stadion, då dei skulle spele kamp mot Viking. 

Viking – Sogndal: 0-0

Etter 24 minutt fekk Martin Ramsland kampens første gule kort etter ein duell med Soares.

Det var lite spenning i første omgang og laga kunne gå til pause med 0-0.

- Vanskeleg. Sogndal ligg lågt og kompakt og gjer det vanskeleg for oss, sa Viking-kaptein Andre Danielsen til pause.

Sogndal sitt andre gule kort kom i andre omgang etter 72 minutt. Kortet gjekk til Jukka Raitala, fordi han stoppa Danielsen på uloveleg vis.

Etter 76 minutt gjer Sogndal sitt første bytte. Kristian Fardal Opseth kom inn for Gilbert Koomson. Det andre byttet kom etter 80 minutt, då kom Rune Bolseth inn for Martin Ramsland. Siste bytte til Sogndal kom etter 89 minutt, då kom Hannu Patronen inn for Eirik Birkelund

 

Til toppen