FEKK NEI: Jan Geir Solheim og dei andre som har vil ha asylmottak på Borgund fekk nei frå UDI på grunn av manglande kommunale godkjenningar, men har ikkje lagt saka død. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.

UDI sa nei til asylmottak

Men Jan Geir Solheim har ikkje gitt opp prosjektet.

Lærdal: Det var slutten av november at Porten.no kunne fortelja at ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, Trond Øyen Einemo, Stein Vidar Nemeth, Knut Opdal og  Jan Ryde hadde kjøpt brakkeriggen til Mesta og søkte UDI om å få ta imot einslege unge asylsøkjarar her.

Før helga kom svaret frå UDI, og måndag fortalte Solheim til Porten.no at dei hadde fått avslag på søknaden på grunn av manglande kommunale godkjenningar.

– Men me har ikkje gitt opp, langt derifrå. No er det aktuelt å bli med på neste anbodsrunde. Prosjektet er ikkje dødt, seier han.

Ambodet som er levert er på 38 plassar med opsjon på ti pluss ti plassar. 

Til toppen