KRAFTIG AUKE: 31.145 personar søkte asyl i Noreg i fjor. Det er nesten 20.000 fleire enn året før. I år trur UDI det kan komme opp mot 50.000-60.000 søkjarar.​ Foto: Flickr/Utlendingsdirektoratet.
KRAFTIG AUKE: 31.145 personar søkte asyl i Noreg i fjor. Det er nesten 20.000 fleire enn året før. I år trur UDI det kan komme opp mot 50.000-60.000 søkjarar.​ Foto: Flickr/Utlendingsdirektoratet.

UDI ventar opptil 50.000-60.000 asylsøkjarar i 2016

31.145 personar søkte asyl i Noreg i fjor. Det er nesten 20.000 fleire enn året før. I år trur UDI det kan komme opp mot 50.000-60.000 søkjarar.

Årdal/Lærdal: Over halvparten av søkjarane i fjor kom i oktober og november, opplyser direktør Frode Forfang i Utlendingsdirektoratet (UDI).

– Det summerer opp nokre av utfordringane. Den bølgja vi hadde på hausten, var ekstremt høg, seier han.

Han trekker også fram utfordringa ved dei mange einslege mindreårige asylsøkjarane, som utgjorde rundt éin av seks i 2015.

– Veksten var sterkare enn den generelle veksten, seier UDI-direktøren.

Flest asylsøkjarar i 2015 kom frå Syria. Dei 10.536 syrarane utgjer meir enn ei firedobling frå 2014.

Så følgde personar frå Afghanistan (6.987), Irak (2.991), Eritrea (2.947) og Iran (1.342). Frå andre land kom det 6.342 søkjarar.

For Afghanistan, Irak og Iran er talet på søkjarar auka med mellom ti og femten gonger frå 2014. (©NPK)

Til toppen