HER: - Det er to slike. Ganske massivt, med andre ord, seier Frode Myklebust når han skildrar korleis den pålanlagde fireetasjes blokka på Einemomarki skal bli i høvde dagens toetasjes. Blokka er tenkt lagd der oppfyllinga, eller haugen, ligg bak Myklebust. Foto: Ole Ramshus Sælthun
HER: - Det er to slike. Ganske massivt, med andre ord, seier Frode Myklebust når han skildrar korleis den pålanlagde fireetasjes blokka på Einemomarki skal bli i høvde dagens toetasjes. Blokka er tenkt lagd der oppfyllinga, eller haugen, ligg bak Myklebust. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Ueinige om fire etasjar er greitt eller ikkje

Spørsmålet formannskapet skulle ta stilling til var om reguleringsplanen for Einemomarki trinn tre skal ut på høyring, men diskusjonen handla først og fremst om talet på etasjar. 

Lærdal: - Det er to slike. Ganske massivt, med andre ord, sa Frode Myklebust (V)og peika på blokka som ligg nærast barnehagen då formannskapet i Lærdal var på ei lita synfaring på Einemomarki.

Spørsmålet i saka var om detaljreguleringsplan for Einemomarki skal leggjast ut som den ligg føre frå utbyggjar.

Denne planen tek utgangspunkt i at det blir bygd ei blokk i fire etasjar, om lag førti meter lang, som går på tvers av dalen langs den einvegskøyrde vegen inn på parkeringsplassen ved Lærdalsøyri barnehage. Høgda blir om lag som idrettshallen.

Denne blokka skal husa 14 bueiningar og er trinn 3 i den planlagde utbygginga på Einemomarki. Trinn 4 er ti kjeda einebustader planlagt lenger sørvest på marka.

Merknader til parkeringstilhøve, utnyttingsgrad og  miljøtilhøve

Rådmannen peikte i si tilråding på at det var fleire punkt i planen som burde utbetrast før den vart lagt ut til offentleg ettersyn.

- Dette gjeld mellom anna parkeringstilhøve, materialval og overflatevatn. Her kan det gjerast betringar i høve gjeldande føresegner.

Særskild parkeringstilhøva vart diskuterte - vurderinga i saksutgreiinga stilte seg kritisk til ei parkeringsløysing som rutar all trafikk til og frå Einemomarki ut i Skulevegen, der det er mykje trafikk med ungar involverte. Dessutan blir det peika på at det er lagt opp til vel knapt med parkeringsplassar i høve kor mange bustader som kjem til å koma her.

- Me kan påverka til at trafikken blir spreidd meir, sa fungerande rådmann Alf Magne Hjellum.

Framlegget i saksutgreiinga er å laga tilkomstveg til Einemovegen, i tillegg til eksisterande veg ut i Skulevegen.

Dei andre tilhøva rådmannen meinte burde utbetrast i detaljreguleringsplanen gjekk på først og fremst at klima- og miljøtiltak tilknytt utbygginga blir betre og meir omfattande omtala, og at det blir lagt ut til vel høg utnyttingsgrad. Det siste tyder kor stor del av arealet Einemomarki som skal nyttast til sjølve bustadene, detaljreguleringsplanen legg her opp til mellom 35 og 45 prosent.

- Fortetting til  ein kvar pris? 

Også ein del andre, mindre omfattande punkt bør utbetrast i planen, i følgje rådmannen. Men punktet i saksutgreiinga formannskapet diskuterte var først og fremst talet på etasjar.

"Å tillate ei blokk på 4 etasjar midt i dalføret, der busetnaden ligg i eit så flatt og opent område, kan gje eit inntrykk av ein stor massiv «klosse» midt i busetnaden. Estetiske og landskapsmessige omsyn tilseier at dette ikkje er ynskjeleg", står det i utgreiinga.

- Vil me ha fortetting til  ein kvar pris? Ap ønskjer også busetjing på Øyri, men me har ein infrastruktur som set avgrensingar i høve til dømes trafikktryggleik. Så legg me ikkje skjul på at me er skeptiske til å tillata bygningar med meir enn tre etasjar, som har vore normen på Øyri.

Gro Starheimsæther (Sp) såg ikkje Lysne sitt poeng:

- Har du nokon gong vore utom Lærdal kommune? Eg trur det er andre som har mykje større press på areal enn oss. Stort sett er det berre einebustader på Øyri. Eg ser ikkje at det er problem at litt meir folk bur på ein plass. Så blir dette med presedens nemnd i saksutgreiinga; at andre vil ønskja å byggja like høgt viss me tillet det her. Men så vidt eg kan sjå er det knapt plass til fleire utbyggingar på Øyri, så dette er av dei siste moglegheitene for at nokon kan byggja litt høgare.

- Eg har ikkje noko mot at lærdøler bur tett innpå kvarandre. Det eg seier er at viss me ikkje har infrastruktur rundt som er eigna til å takla såpass mykje folk, blir det utfprdringar. Ei bueining genererer mykje trafikk. Og du får dette rett ved skulen og barnehagen.  Så blir det ein stor klass og veldig synleg når det ligg midt på ei mark, det stilte seg annleis om det var inntil ei fjellside, svara Lysne.

- Eit høgt og rungande "tja"

Den andre Sp-representanten tykte heller ikkje Lysne trefte:

- Det er eit pussig politisk argument at folk ikkje skal bu nær skule. Den ser eg ikkje. Me har ein privat utbyggjar som gjer akkurat det me ber om, legg til rette for utvikling i Lærdal. Eg er heldigvis ikkje med i eit parti som er prinsipielt mot å byggja over tre etasjar, svara ordførar Solheim.

Les også: – Den som trur det blir ein stille haust i Lærdal, tek feil

Frode Myklebust (V) stilte for Trond Øien Einemo, og kom med følgjande innspel:

- Me ber ikkje utbyggjar ta stilling til kor mange etasjar dei skal få lov å byggja i denne saka, me ber om ein betre reguleringsplan. 

Solheim utviste ein viss frustrasjon og påpeika vidare at han ønskja eit vedtak som gav utbyggjar signal om kor vidt tre eller fire etasjar var greitt. Fordi han meinte det ville vera feil av formannskapet å ikkje ta stilling til etasjespørsmålet ettersom det i neste omgang ville føra til meirkostnader med planarnbeid dersom ein landa på eit vedtak som ikkje godtek fire etasjar etter høyringsrunden.

- Ser du ikkje at det du seier no er at du aldri vil gå inn for fire etasjar? spurde Solheim med adresse Myklebust.

- Ser me ikkje at dersom me seier utbyggjar skal utgreia noko anna blir det eit veldig utydeleg signal frå oss?

- Eg må svara eit høgt og rungande tja til det. Me veit ikkje sikkert kor høgt det vil bli ei gong.

Artikkelen held fram under biletet

DELTE: Frode Myklebust (V) møtte som vara for ugilde Trond Øien Einemo (H, i bakgrunnen) då saka om detaljreguleringsplanen for Einemomarki vart handsama i formannskapet. Myklebust hamna på eit nei til å gje signal om at fire etasjar et greitt, i motsetnad til Gro Starheimsæther og Jan Geir Solheim (Begge Sp).
DELTE: Frode Myklebust (V) møtte som vara for ugilde Trond Øien Einemo (H, i bakgrunnen) då saka om detaljreguleringsplanen for Einemomarki vart handsama i formannskapet. Myklebust hamna på eit nei til å gje signal om at fire etasjar et greitt, i motsetnad til Gro Starheimsæther og Jan Geir Solheim (Begge Sp).

- Tre og ein halv mot ein og ein halv

Annike Vanberg (SV) kommenterte at fire ertasjar ikkje var eit problem for hennar parti når det er behov for slike bustader i Lærdal, men at detaljreguleringsplanen måtte utbetrast.

- Då er me tre mot to. Eller tre og ein halv mot ein og ein halv. For du sa "tja", Frode.

Tja-et vart likevel til eit "nei" då nytt framlegg til vedtak kom opp på skjermen frå Sp:

"Formannskapet meiner at planframlegget er i tråd med ynskja utbyggingspolitikk i Lærdal kommune, og ein ynskjer å gå vidare med planframlegget. Før ein legg planen ut på offentleg ettersyn ber ein om at endringane som kjem fram i vurderinga vert innarbeidd i planframlegget."

- Her seier me klart frå at me ønskjer at det er ein plan som tek utgangspunkt i fire etasjar som skal leggjast ut, men at nokre moment må utbetrast, sa Solheim.

Med hans, Starheimsæther og Vanberg si stemme fekk dette framlegget fleirtal. Myklebust (V) og Lysne (Ap) gjekk for rådmannen sitt framlegg med ei tilpassing - essensen vart at dei stemde for at planen måtte utbetrast utan at ein gav signal om kor vidt fire etasjar er greitt eller ikkje.

Til toppen