MEININGSUTVEKSLING: Onsdag var det synfaring på kaupangerskogen. Frå venstre: Lars Kvisgaard Melbye frå Sogn terrengsykkel, Vidar Gundersen frå Norsk organisasjon for terrengsykling og Tom Dybwad frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
MEININGSUTVEKSLING: Onsdag var det synfaring på kaupangerskogen. Frå venstre: Lars Kvisgaard Melbye frå Sogn terrengsykkel, Vidar Gundersen frå Norsk organisasjon for terrengsykling og Tom Dybwad frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Ueinige om stisykling er ein fare for skogen

– Dette er ein konflikt med fastlåste haldningar.

Kaupanger: Onsdagens synfaring i dei føreslåtte naturreservata på Kaupanger kom i stand på initiativ frå Fylkesmannen etter ønske frå terrengsykkelmiljøet, som fryktar at aktiviteten deira skal bli råka av eit forbod.

– Ideelt sett håper vi at det vil bli opna for sykling på spesifiserte stiar i dei to områda, seier Vidar Gundersen frå Norsk organisasjon for terrengsykling (NOTS).

Han kom eins ærend frå Oslo for å bistå lokallaget i Sogn i kampen mot totalforbod. Målet er at synfaringa skal gje forvaltinga ei betre forståing for kva skade dei meiner sykling på sti medfører. Eventuelt kva skade den ikkje medfører.

– Dette er ein konflikt med fastlåste haldningar. Vi tenkte det var nyttig å få eit blikk utanfrå, seier Gundersen.

Les også: Naturreservat kan stikke kjeppar i hjula for stisyklistane
Les også: Politikar om mogleg sykkelforbod: – Eg sette kaffien i halsen

– Stisykling kan føre til stor slitasje

– Det er ikkje sikkert vi alltid blir einige, men vi vil forhåpentlegvis kunne forstå kvarandre betre, seier mannen som leia synfaringa, Tom Dybwad, seniorrådgjevar i miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen.

Han seier det er sjeldan at eit område får statusen nasjonalt verneverdig, slik tilfellet er for det eine av dei to føreslåtte naturreservata. Sykling i stort omfang ser han på som ein potensiell trussel mot verneverdiane og er i framlegget avgrensa til regulerte vegar.

– Stisykling kan føre til stor og unødvendig slitasje i vegetasjonen og føre til behov for tiltak, slik at det ikkje lenger framstår som like urørt, seier Dybwad.

Det trusselbiletet er ikkje NOTS-representanten Vidar Gundersen like einig i.

– Ingen, er det kontante svaret når vi spør kor stor fare han meiner stisykling utgjer for den vernverdige skogen.

Han får delvis støtte frå forskarhald. 

Forskaren ønskjer frivillige avtalar

ØNSKJER FRIVILLIGE AVTALAR: Forskar Eivind Brendahaug trur sameksistens mellom jegarar, turfolket og stisyklarar er mogleg, så lenge det er gode køyrereglar.
ØNSKJER FRIVILLIGE AVTALAR: Forskar Eivind Brendahaug trur sameksistens mellom jegarar, turfolket og stisyklarar er mogleg, så lenge det er gode køyrereglar.

Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking har dei siste åra følgt den gryande konflikta på Kaupangerhalvøya. I 2015 møttest partane til dialog, noko som letta trykket noko. No er det igjen på kokepunktet. 

–​ Vårt utgangspunkt er at det er mogleg å kombinere dei ulike aktivitetane, men vi må ha nokre køyrereglar, seier han og inkluderer jakt, turgåing, stisykling og grunneigaren sine interesser i den påstanden.

Han leiar eit treårig forskingsprosjekt som nettopp ser på korleis kommunar kan regulere bruken av utmarka, i ei tid der stadig fleire menneskesyslar konkurrerer om den same geografien.

Brendehaug er ein forkjempar for frivillige avtalar. Ikkje minst når det gjeld vedlikehald og utbetring av stiar, òg i områda på Kaupanger som ikkje blir råka av vernet.

– Når ein ikkje vedlikeheld stiane, så blir det større slitasje. Så det burde vere både i grunneigarane og dei som brukar området til friluftsformål si interesse, seier han.

– Differensiering av aktiviteten i ulike område er eit aktuelt verkemiddel for å unngå konfliktar, vern som føreslått av grunneigar kan inngå i dette. Men, vi må òg sjå vern i ein større heilskap, seier han.

Brendehaug meiner òg Fylkesmannen bør grunngje betre korleis stisykling utgjer ein fare for verneverdiane.

– Fylkesmannen må vise korleis sykling er ein fare for dei gamle trea. Der meiner eg han har ein jobb å gjere, seier Brendehaug.

Til toppen