– Det er uakseptabelt og uetisk. Det er vanskeleg å ta omsyn til at ein skal destruere vel 50 tonn med førsteklasses mat, seier Odd Lothe Ohnstad, jeger og dagleg leiar i Haugen gardsmat i Aurland i Sogn og Fjordane, til NRK.
– Det er uakseptabelt og uetisk. Det er vanskeleg å ta omsyn til at ein skal destruere vel 50 tonn med førsteklasses mat, seier Odd Lothe Ohnstad, jeger og dagleg leiar i Haugen gardsmat i Aurland i Sogn og Fjordane, til NRK. (Foto: Arkiv)

– Uetisk å destruere Nordfjella-rein

Gardsmat-entusiast og jeger Odd Lothe Ohnstad meiner all Nordfjella-reinen burde ha vore nytta som mat. I staden skal reinen som blir skal fellast etter den ordinære jakta, destruerast.

Aurland: – Det er uakseptabelt og uetisk. Det er vanskeleg å ta omsyn til at ein skal destruere vel 50 tonn med førsteklasses mat, seier Odd Lothe Ohnstad, jeger og dagleg leiar i Haugen gardsmat i Aurland i Sogn og Fjordane, til NRK.

Mattilsynet vil brenne reinen fordi det blir for tidkrevjande for Statens naturoppsyn å handtere slaktet i vintermånadene.

Ohnstad meiner på si side at reinen burde ha vore vomma ut, og ikkje berre merka, frakta til veg og tatt prøver av, slik det blir lagt opp til. Prøvene kan uansett sikre at kjøttet ikkje stammar frå dyr som er smitta med skrantesjuke (CWD), meiner han.

– Alle skal sleppe å ete skrantesjuk mat. Alt slakt blir testa. Det er hundre prosent sikkert at CWD-kjøtt ikkje når marknaden. Dette er førsteklasses, prima råvare, meiner Ohnstad.

– Vanskeleg i praksis

Mattilsynet er einig i at det beste hadde vore å bruke reinkjøttet til mat, men har vurdert det som vanskeleg å gjennomføre.

– Etter å ha sett på det i praksis, så ser vi at det går ut over sjansen til å bli kvitt skrantesjuka. Det viktigaste er å bli kvitt sjukdommen, seier seniorrådgivar Kristin Ruud Alvseike i Mattilsynet til NRK.

Totalt 2.200 villrein i grensetraktene mellom Buskerud og Sogn og Fjordane skal avlivast for å hindre at den dødelege skrantesjuka som er påvist i bestanden, skal spreie seg. Mattilsynet reknar med at jegerane feller 1.000 dyr i den ordinære jakta, som varer fram til 31. oktober. Etter den tid skal eit statleg jaktlag avlive resten av dyra.

(©NPK)

Til toppen