KRITISK: Anders Hamre Sveen i Raudt Vestland er kritisk til at det nye fylket vel å byggje nytt administrasjonsbygg.
KRITISK: Anders Hamre Sveen i Raudt Vestland er kritisk til at det nye fylket vel å byggje nytt administrasjonsbygg. (Bilde: Privat)

MEININGAR

Ufornuftig pengebruk

Foreløpig har den planlagde rivinga og nybygginga ein prislapp på 1,1 milliard kronar. Det er uvisst om det er tatt høgd for EU sitt krav om at 70 prosent av alt byggavfall skal ombrukast eller materialgjenvinnast innan 2020, skriv Anders Hamre Sveen frå Raudt om det nye fylkesbygget.

Meiningar: Under Vestland sitt fylkesting i desember prøvde vi i Raudt å få omgjort det ufornuftige vedtaket i Hordaland fylkesting om å rive administrasjonsbygget i Bergen, for så å byggje eit nytt bygg på den same plassen. 

Foreløpig har den planlagde rivinga og nybygginga ein prislapp på 1,1 milliard kronar. Det er uvisst om det er tatt høgd for EU sitt krav om at 70 prosent av alt byggavfall skal ombrukast eller materialgjenvinnast innan 2020. Kostnaden kjem med andre ord truleg til å verte høgare. 

Raudt prøvde å få Vestland fylkesting til å heller gå inn for ei totalrenovering av fylkesbygget. Det kunne sikra betre energiutnytting samt eit betre arbeidsmiljø for dei som arbeidar i bygget, og ville ha kosta rundt 400 millionar kronar. Dessverre vart dette framlegget frå Raudt røysta ned på fylkestinget. 

Eg stilte på dette fylkestinget rett før jul, som vararepresentant frå Stryn, men eg var den einaste representanten frå Sogn og Fjordane som røysta for framlegget om å renovere fylkesbygget heller enn å rive det. Dette på tross av at denne store investeringa i nytt fylkesbygg ikkje hadde vorte handsama i Vestland tidlegare. 

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen