TYDELEG LØYVING: Styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm meiner Vinje-senteret burde fått ei tydeleg løyving. Foto Ivar Aasen-tunet / Anders Aanes.
TYDELEG LØYVING: Styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm meiner Vinje-senteret burde fått ei tydeleg løyving. Foto Ivar Aasen-tunet / Anders Aanes.

– Uforståelege språkprioriteringar frå regjeringa

Både Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum reagerer kraftig på budsjettprioriteringa til regjeringa.

Sogn: – Kulturdepartementet fråskriv seg ansvaret for språkpolitikken når dei no vil gøyma han vekk frå den store budsjettdebatten der milliardane er til fordeling. Språkpolitikk og forvaltning av språka våre høyrer heime i Stortinget, meiner Gro Morken Endresen i Noregs Mållag.

Ho er dagleg leiar i Mållaget og viser til at løyvingane til språktiltak og språkorganisasjonane no er foreslått lagt inn under Språkrådet.

– Å flytta språkorganisasjonane ut på sidelinja gjer at seinare diskusjonar om løyvingane til desse tiltak blir redusert til ein indre strid mellom ulike språktiltak. Dersom den samla ramma til Språkrådet går ned om eit par år, er det då kvensk eller bokmål vi skal slåst for at taper i kampen mot oss om pengane? spør Endresen, som ber Stortinget om å vidareføre dagens praksis.

I dag er dei ulike språkpolitiske tiltaka inne som eigne budsjettpostar på kulturbudsjettet.

– Grått kulturbudsjett

Ei anna sak det blir reagert på er manglande løyving til Vinje-senteret.

– Det er eit grått kulturbudsjett når regjeringa ikkje vil løyve den summen som trengst for at Vinje-senteret kan kome i gang, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.

Han meiner det er ein nøktern og grundig, men likevel ambisiøs plan, som er lagt fram for at senteret for dikting og journalistikk i Telemark skal kome på føtene.

– No skal vi gjere det lett for Stortinget å seie ja, lovar Solholm.

Saknar satsing

Nynorsk kultursentrum får 18,4 millionar kroner i driftsmidlar i framlegget til statsbudsjettet for 2017. Det er 1,8 prosent meir enn i fjor, men mindre enn løns- og prisveksten – for tredje år på rad.

– Dei pengane nynorskinstitusjonane får i 2017, kjem dei til å bruke godt. Nynorsk kultursentrum saknar likevel ei tydeleg nynorsksatsing frå regjeringa som svarar på det overordna målet om jamstilling mellom dei to norske skriftspråka, seier Solholm.

Både Nynorsk kultursentrum og Mållaget reagerer på manglande auke i tilskotet til Nynorsk pressekontor, manglande løyving til digitalisering av Norsk Ordbok og manglande tilskot til Landssamanslutninga for nynorskkommunar.

– Ingen av desse tiltaka er tilgodesette. I budsjettet kan vi lese at globaliseringa gjer at norsk språk er i ein pressa situasjon, og at dette råkar nynorsk meir enn bokmål – ei vurdering vi deler. Det gode svaret på den vurderinga finst ikkje i det budsjettet vi no har fått på bordet, meiner Endresen i Mållaget.

– Kommune- og regionreforma held fram, og då burde regjeringa ha greidd å finne pengar til det viktige språkpolitiske arbeidet som Landssamanslutninga av nynorskkommunar gjer, meiner Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum. (©NPK)

Til toppen