SKEPTISK: Jan Olav Fretland (SV) ville som planmyndigheit ikkje vera med å godkjenne deltaljreguleringsplanen for masseuttak Torvmo. Foto: Ina Eirin Eliassen
SKEPTISK: Jan Olav Fretland (SV) ville som planmyndigheit ikkje vera med å godkjenne deltaljreguleringsplanen for masseuttak Torvmo. Foto: Ina Eirin Eliassen

– Uforsvarleg, sjølv om E16 må fram

Det seier Jan Olav Fretland (SV). Han fekk støtte av formannskapet i Lærdal om å ikkje godkjenne detaljreguleringsplanen for masseuttak på Torvmo på Filefjell. 

Statens vegvesen har i dialog med Lærdal kommune laga eit forslag til reguleringsplan for masseuttak Torvmo. Den skal sikre uttak av gode steinmassar til bruk i bygging av E16 frå Varpe bru til Smedalssosen.

Planen omfattar etablering av uttak for stein og deponering av tunnelmassar på Torvmo. Inntil 350 000 m3 stein i planområdet, skal nyttast til vegprosjektet på E16. Bakgrunnen er at nye krav til oppbygging av veg og ein geologisk rapport syner at delar av massane frå tunnelen over Filefjell er for dårleg egna til byggeråstoff til veg. 

Sårbart område

Etter saka var ute på høyring fram til 13. mai kom det inn merknader frå grunneigarane ved Brusestølen, som også er grunneigarar ved masseuttaket på Torvmo. Dei ønsker å endra planframlegget, slik at dei i ein periode på kring ti år kan ta ut deponerte massar til bygging av veg og til arbeid i Brusestølen hyttefelt. Dei syner til at dette har nytteverdi i det sårbare området og at det er lang transport frå andre aktuelle masseuttak. 

Fylkesmannen peikar også på at uttaket er eit stort landskapsinngrep i eit sårbart område, noko han ønskjer å avgrensa mest mogleg. Fylkesmannen har lagt inn krav til gjennomføringa av uttak, tilbakefylling og revegetering. Likevel aksepterer han masseuttaket på bakgrunn av samfunnsinteressene knytt til utbetring av E16. 

Statens vegvesen frårår likevel at planframlegget blir endra. 

Sakdokumenta finn du her.

Vanskeleg og vond sak

Slutthandsamaing og godkjenning av detaljreguleringsplan masseuttak Torvmo var tysdag oppe i formannskapet. (Sjå faktabok for tidlegare handsaming)

Rådmannen sin tilråding var å godkjenne planen, då han har lagt vekt på  både samfunnsnytta og framdrifta i utbetringsarbeidet på E16 over Filefjell. Likevel syner saksdokumenta at administrasjonen i Lærdal kommune ser at dei burde ha jobba meir aktivt med Statens vegvesen før planframlegget vart lagt ut til offentleg ettersyn. 

– Denne saka tykkjer eg er vanskeleg. Jobben vår er å vera planmyndigheit, men i saksdokumenta er det sterke innvendingar mot saka og det står at det er uforsvarleg. Er det då rett å seie at vegvesenet må få byggja veg uansett? Eg er i tvil og stemmer i mot, seier Fretland. 

– Dette er ikkje enkelt eller ei vakker sak. Det er både eit stort deponi og området ligg i høgfjellet. Det er klart at det ikkje blir lett fordi vegen må fram, seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Han tykkjer det hadde vore nyttig å treft Statens vegvesen og eventuelt fått ei synfaring, då han tykkjer saka er vond. 

Vanskeleg å tilrå – no nye opplysningar

Trond Øyen Einemo (H) legg til at det no har kome nye opplysningar som syner at det ikkje er så gale som ein først antok i høve massane i tunnelen. Han oppmoda om å sjekke dette med Statens vegvesen. 

– Er det nye opplysningar må me få fram desse og ta ei drøfting i kommunestyret. Administrasjonen var også i tvil om kva me skulle tilrå i denne saka, seier rådmann Alf Olsen jr. 

Fretland er open for at det kan kome nye opplysningar til kommunestyremøtet, men kan likevel ikkje godkjenne saka slik den låg føre under formannskapsmøtet tysdag.

SV kom dermed med framlegg om å ikkje godkjenne detaljregulering for masseuttak Torvmo, og fekk full støtte frå formannskapet.

Saka skal også opp i kommunestyret i Lærdal 18. juni.

Til toppen