UTE: Hilmar Høl (Ap) ser ingen moglegheiter for at Årdal kan slå seg saman med andre kommunar. Foto: Truls Grane Sylvarnes
UTE: Hilmar Høl (Ap) ser ingen moglegheiter for at Årdal kan slå seg saman med andre kommunar. Foto: Truls Grane Sylvarnes

Ufrivillig ute av kommune-kabalen

Planen om ein storkommune i Sogn rakna, det gjorde også håpet om ei samanslåing med Aurland og Lærdal. No står Årdal kommune igjen åleine.

- Vi står ufrivillig att utan noko moglegheit for å slå oss saman med andre kommunar, seier Hilmar Høl (Ap) til Porten før formannskapsmøtet i kommunen tysdag.

Les også: Aurland vil ikkje slåast saman med Årdal og Lærdal

Straffast økonomisk

Prislappen for kommunesamanslåingar i form av løyvingar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, er på 225 millionar kroner. Det blir ikkje stilt krav til bruk av midlane, og kommunane må ikkje levere inn søknad om kva dei treng.

- Då storkommunen i Indre Sogn ikkje blei noko av, falt vi ut. Signala frå Lærdal og Aurland er at dei ikkje vil vera med på ei samanslåing heller. Då står vi att åleine. Det vil straffe oss økonomisk og vi mistar 2,5 millionar kroner, seier Høl.

Eingongsstøtta til samanslåtte kommunar er standardisert til 20 millionar kroner, ein sum som kan auke avhengig av talet på kommunar og innbyggjarar. I tillegg kjem reformstøtte på mellom 5 og 30 millionar, og 2 millionar kroner i hurtigløp-støtte til dei fem første kommunane.

Vil framleis samarbeida

Aurland, Årdal og Lærdal har i ei årrekkje samarbeida på fleire område.

- Vi har hatt gode rutinar i fleire år. Det er spørs om det blir endring på dei strukturane om Aurland slår seg saman med Voss kommune, seier Høl.

Arbeidarpartiet i Årdal skulle gjerne sett at kommunen hadde slått seg saman med naboane.

Les også: Samanslåtte kommunar får millionstøtte utan krav

- Ap har ikkje hatt noko skrekk mot det. Det hadde uansett ikkje vore vår avgjersle å ta, det hadde vore opp til folket. Etter planane skulle vi ha ei folkerøystning. Men det blir det ikkje noko av no. Det er utruleg stagnerande for kommunen, seier Høl.

Til toppen