ENKEL INFORMASJON: Med instruksar innramma på veggen, er hjartestartaren som heng ved inngangen til Tangenhallen godt synleg. Her syner Øyvind Heggheim, inspektør ved Tangen skule, fram apparatet. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
ENKEL INFORMASJON: Med instruksar innramma på veggen, er hjartestartaren som heng ved inngangen til Tangenhallen godt synleg. Her syner Øyvind Heggheim, inspektør ved Tangen skule, fram apparatet. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Ujamn tilgang på hjartestartarar

I Årdalshallen finn du ein hjartestartar i badevaktluka, men den er låst inne når badevakten har fri. 

Ein hjartestartar er eit apparat som vert rekna som fyrstehjelpsutstyr, og som kan utgjera forskjellen mellom liv og død når ein person har fått hjartestopp. 

– Når ein fyrst har investert i ein hjartestartar, bør den vera tilgjengeleg,  seier Jofrid Hansson, dagleg leiar i Norsk Selskap for Gjenoppliving. 

Porten.no har undersøkt kvar det finst hjartestartarar i Årdal kommune, og kor tilgjengelege dei er om ein nødsituasjon skulle oppstå.

Delvis innelåst

UVEDKOMANDE: Arne Hovland tykkjer det er riktig av kommunen å plassere hjartestartaren i badevaktluka, slik at den ikkje er tilgjengeleg for uvedkomande. Arkiv
UVEDKOMANDE: Arne Hovland tykkjer det er riktig av kommunen å plassere hjartestartaren i badevaktluka, slik at den ikkje er tilgjengeleg for uvedkomande. Arkiv

I Årdalshallen investerte kommunen i ein hjartestartar for fleire år sidan, og vurderte behovet som størst i symjehallen. Difor er dette fyrstehjelpsutstyret plassert i badevaktluka, og Arne Hovland, avdelingsleiar i Årdalshallen, kan ikkje seie kva vurderingar som ligg til grunn for plasseringa då dette vart gjennomført før han si tid.

– Det har nok vore gjort ein risikovurdering der ein har kome fram til at symjehallen skal prioriterast, seier han. 

Som oftast er det badevakter på jobb i hallen og hjartestartaren er då tilgjengeleg for alle på bygget. Hovland fortel også at brukarar av hallen til kampar har tilgang til badevaktluka ved hjelp av nøkkel. 

Han påpeiker at ved ein slik nødsituasjon vil det ta tid å springe opp i andre etasje for å hente apparatet, og foreslår at idrettslaga kan ha ein sjølv, som då heng nede ved bana. 

Leiar i Jotun idrettslag, Tor Erik Sveen, var fyrst litt usikker på om det i det heile tatt var ein hjartestartar i Årdalshallen. Då Porten.no informerar han om kvar den er plassert, påpeikar han at om ein spelar får hjartestopp på bana, står det om liv og at det er ikkje mange minuttane ein har å områ seg med. 

Sveen nyttar og høve til å fortelje at skihytta i Fardalen har hjartestartar tilgjengeleg og at ein ikkje treng kurs for å bruke apparatet i eit nødstilfelle.

Reknast som fyrstehjelp

Hansson i Norsk Selskap for Gjenoppliving seier seg enig med Sveen om at kven som helst kan bruke ein hjartestartar. Apparatet er særs enkelt å bruke, og ved å trykke på ein knapp byrjar den å prate til deg og rettleiar deg steg for steg. 

Artikkelen held fram under biletet.

PRATAR: Denne hjartestartaren pratar til deg når du trykker på ein knapp, og fortel deg trinn for trinn kva du skal gjere i ein situasjon der nokon har fått hjartestopp. Denne er frå Tangen skule.
PRATAR: Denne hjartestartaren pratar til deg når du trykker på ein knapp, og fortel deg trinn for trinn kva du skal gjere i ein situasjon der nokon har fått hjartestopp. Denne er frå Tangen skule.

Ho anbefalar at folk tar kurs i  hjartestartarapparat, men i eit nødstilfelle kan kven som helst ta apparatet i bruk. 

– Den er trygg å bruke, og så godt som umogeleg å gjere feil. Den kan ikkje overstyrast, seier ho. 

Hansson forklarar at fordelen med å ha kurset bak seg, er at ein lettare ser om personen har hjartestopp eller om det er eit anna illebefinnande. Ho legg vekt på at eit hjartestartapparat ikkje gir støt om den ikkje registrerer uregelmessigheiter.

Sentralt i trappeoppgang

Vidare fortel Hansson at det anbefalast å henge hjartestartaren sentralt tilgjengeleg, til dømes i ein trappeoppgang. 

På Tangen skule har dei fokusert mykje på tilrettelegging av fyrstehjelpsutstyr, men er ikkje heilt i mål med å gjere alt av utstyr tilgjengeleg. 

– Kommunen fekk i si tid sponsa to hjartestartarar som skulle henge i kvar sin idrettshall. Meininga var at desse skulle brukast i friluftsbassenga om sommaren, seier Jan Kåre Stedje, rektor ved Tangen skule.

Denne hjartestartaren vart plassert på eit vaktmeisterrom i Tangenhallen, og var då innelåst. Ifølgje Stedje var begrunnelsen at dei visste kvar hjartestartaren var, og slik sett godt nok. 

Då Tangen skule og Årdalstangen idrettslag gjekk saman og kjøpte hjartestartar nummer to, flytta dei også det apparatet som hang bak ei låst dør. No er den eine plassert ved inngangen til Tangenhallen, og den andre heng ved trappeoppgangen inne på Tangen skule, rett ved sidan av helsesøstera sitt kontor.

Artikkelen held fram under biletet.

TRAPPEOPPGANG: Den eine hjartestartaren på Tangen skule heng lett tilgjengeleg ved sidan av døra til helsesøster og ved administrasjonen på skulen.
TRAPPEOPPGANG: Den eine hjartestartaren på Tangen skule heng lett tilgjengeleg ved sidan av døra til helsesøster og ved administrasjonen på skulen.

Inspektør ved Tangen skule, Øyvind Heggheim, er særs klar i talen når han seier at ein ikkje skal bruka livsviktig tid på å låsa opp dører for å kome fram til fyrstehjelpsutstyr. 

Hærverk

Hovland meiner at det er riktig å ha hjartestartaren tilgjengeleg i badevaktluka, og at kommunen helst ser at ikkje kven som helst tuklar med apparatet. 

– Det kan gje ein falsk tryggleik om det viser seg at apparatet ikkje virkar fordi nokon har vore å trykka på det, seier han. 

Heggheim ved Tangen skule fortel derimot at dei aldri har opplevd at nokon har rørt apparatet utan at det har vore behov for det. Om nokon opnar døra til skapet som hjartestartaren ligg i, går ein høg alarm av. Denne alarmen har alle dei tilsette kjennskap til, og veit at det er fare på ferde når denne vert løyst ut. 

Då Heggheim og Stedje demonstrerte denne alarmen medan Porten.no var der, kom det brått tre lærarar frå klasseromma sine og ned i trappeoppgangen for å sjekke kva som skjedde. Dette var ein ikkje varsla demonstrasjon, og difor reagerte dei tilsette slik dei har fått opplæring i.

Har ikkje

Når det kjem til dei aktørane som leiger Tangen skule eller Tangenhallen, innrømmer Stedje og Heggheim at informasjonen om hjartestartarane kunne vore betre. Kvar leigetakar vert informert om branninstruksar og rømningsvegar, og Stedje kunne godt tenke seg og lagt til hjartestartarar som eit punkt i desse instruksane.

Farnes skule har per no ingen hjartestartar, men rektor Per Kristian Pedersen fortel at dei har vore borti temaet tidlegare. Han kjenner til at Tangen skule har apparat tilgjengeleg, og Farnes skule har etterlyst kursing i bruk av fyrstehjelpsapparatet. 

– Det fekk me ikkje, men behovet er vel tilstades, seier han. 

På grunn av at dei ikkje har fått kurs, har dei heller ikkje investert i hjartestartar på skulen enno. Pedersen begrunnar dette med at dei ikkje kjenner til bruken, og at dette også gjelder hjartestartaren i Årdalshallen der elevane har skuletimar. Han påpeikar også at dei har helsesøster på skulen, og i tillegg snart eit legesenter i nærleiken. 

Til toppen