10-20 METER: Her endte ferda for arbeidarane i Mesta natt til tysdag. Alle tre er sendt til sjukehus.
10-20 METER: Her endte ferda for arbeidarane i Mesta natt til tysdag. Alle tre er sendt til sjukehus. (Foto: Politiet)

Skulle hente kollega ned frå jobb. Slik endte det: – Hamna 10-20 meter ned i ei skråning

Dei tre involverte er tilsett i Mesta, og dreiv med arbeid på eit snøoverbygg.

Rallarvegen: Ein UTV, ein type terrengkøyretøy, køyrde i morgontimane tysdag av vegen på Rallarvegen i Myrdal. 

Tre menn, på 30, 40, og 60 år er invovert i ulykka.

Alle tre er medvitne, men skal vere påført ulike skader. Skadeomfanget er framleis ukjend.

– Vi får opplyst at ein er tatt med til sjukehus i Lærdal, dei to øvrige er flydd til Haukeland universitetsjukehus, skriv Frode Kolltveit, operasjonsleiar i politiet, i ein e-post.

Til Bergens Tidende seier operasjonsleiar Steinar Hausvik at UTV-en hamna 10-20 meter ned i ei skråning. 

Ulykka skal ha skjedd på Rallarvegen. Foto: Google Maps

Dei tre involverte var på veg mot Vatnahalsen, kor dei skulle overnatte i nokre brakker. Ulykka skjedde på retur etter dei skulle hente ein arbeider ned frå jobb, forklarar Kolltveit.

RETTING:
I ei tidlegare utgåve av denne saka opplyste politiet at dei tre involverte var tilsett i Bane Nor. Det har seinare kome fram at dei var tilsett i Mesta, ikkje Bane Nor.

Ein person skal vere frakta vekk med UTV, klokka seks melde politiet at dei to andre venta på å bli henta ut med helikopter. 

KØYRDE UTFOR: Dei var på veg heim etter å ha henta ein kollega på arbeid, då ulykka skjedde. Politet estimerer at dei hamna 10-20 meter ned i skråninga. Foto: Politet

– Togtrafikken er ikkje råka

Saman med politiet deltok seks personar frå lokalt Raude Kross, redningshelikopter, brann og helse. 

– Politiet har gjort nokre undersøkingar på staden, og vore i samtale med nokre personar tilknytta dei involverte, skriv Kolltveit.

Bane Nor stadfestar til BT at ulykka skjedde i forbindelse med arbeid på snøoverbygg. 

– Ulykka skjedde like over klokka 04.00, ifølgje våre opplysningar. Togtrafikken er ikkje råka, seier pressevakt Britt-Johanne Wang i Bane Nor til BT. Det var Mesta som utførte arbeidet. 

Til toppen