Kaupanger: Enduro er stisykling i konkurranseform: du må sykle til toppen, men det er tida du brukar ned att som tel. Det gjer Johannes Lund (23) frå Kaupanger fortare enn dei fleste.
– Eg byrja å sykla enduro for tre-fire år sidan. Så har det blir meir og meir seriøs trening etter kvart. Men eg har prøvd å halda på leiken i det, seier han.

Om ti skal han til Enduro World Series i Italia.
– Nesten litt skremmande
Han var ikkje direkte kvalifisert, men måtte søke om plassen. Det var eit lite sjokk då han oppdaga at han faktisk hadde blitt plukka ut til å delta.
– Det var nesten litt skremmande. No skal eg konkurrera med dei beste i verda, med folk som har teamtelt og profesjonelle opplegg rundt seg. Eg er frå Kaupanger og skal konkurrera med dei..., seier Lund og let avslutninga på setninga henge i lufta.
Han ser først og fremst fram til opplevinga. Noko resultatmål ser han ikkje poenget med å sette seg, til det har han for lite erfaring med nivået:
Takkar gode treningstilhøve
– Det er mange ting som skal fungera, eg har blant anna ein sykkel som skal komma seg gjennom etappen. Viss eg klarar å gjennomføra eit løp eg sjølv er nøgd med, så får resultatet bli som det blir, seier Lund.
Sjølv om han er ung og fersk i sporten har han allereie etablert seg blant dei ti beste i landet. Det takkar han mellom anna dei naturgitte tilhøva han finn på Kaupangerskogen, der han bur.
– Det er klart eg er heldig som har dei beste sykkelløypene i landet rett utanfor døra. Det gjer ting mykje lettare for meg. Men eg er òg heilt avhengig av å reisa mykje rundt for å få prøvd meg på ulike løyper og ulikt terreng, seier Lund.
Neste sjanse blir altså i Italia om ti dagar.