NYVINNING: Under årets kulturmønstring for ungdom i Årdal vil det vera eit eige husband som akkompagnerer alle dei musiserande ungdomane som ynskjer det. Biletet er frå mønstringa i Lærdal i fjor, ein av kommunane som har vore med på å inspirera Årdal til å stilla med husband.
NYVINNING: Under årets kulturmønstring for ungdom i Årdal vil det vera eit eige husband som akkompagnerer alle dei musiserande ungdomane som ynskjer det. Biletet er frå mønstringa i Lærdal i fjor, ein av kommunane som har vore med på å inspirera Årdal til å stilla med husband. (Kaja Nygård)

UKM Årdal lanserer to nyvinningar i årets kulturmønstring

For det fyrste får alle tilbod om å vera med på eit seminar i forkant av mønstringa. For det andre skal det vera med eit husband som kan akkompagnera dei musiserande deltakarane på sjølve mønstringa. 

Årdal: – UKM-seminaret er noko me aldri har stelt i stand før, og det vert spennande, seier kulturskulerektor i Årdal, Sigyn Øren. 

Seminaret vil vera ein verkstad i regi av kulturskulen. 

– Me vil gje opplæring, rettleiing og oppmuntring til ungdom som har eit talent.

DANSE- OG KOREOGRAFIKURS: Her frå ei tidlegare dans på scena i UKM. Ein av aktivitetane ungdomane i Årdal får tilbod om kurs i under seminarhelga sist i januar.  
DANSE- OG KOREOGRAFIKURS: Her frå ei tidlegare dans på scena i UKM. Ein av aktivitetane ungdomane i Årdal får tilbod om kurs i under seminarhelga sist i januar.  

Føremålet med seminaret er å få so mange ungdomar som råd til å melda seg på årets kulturmønstring for ungdom i Årdal.

Elevane frå 7. klasse til 10. klasse har fått tildelt flygeblad på skulen der dei vert oppmoda om å melda seg på.

I tillegg har det vore hengt opp ein plakat på Årdal vidaregåande skule som oppmodar elevane om å melda seg på. 

– Det er ikkje eit krav å gå på scena i UKM i mars sjølv om ein vert med på seminaret. Den avgjerda tek deltakarane seinare når dei ser kva dei har fått ut av det. Men me håpar at dei vil gå på scena når kulturmønstringa vert arrangert i mars, seier Øren. 

Håpar ungdomen kan vera like modig som dei mindre borna

– Me hyrer inn dyktige, vaksne instruktørar innan ei rad kreative emne, seier Øren.

Instruktørane vil i hovudsak koma frå lokalmiljøet og kulturskulen. Ungdomane vil få kursing og rettleiing både individuelt og i grupper, og alle mellom tolv og nitten år kan vera med. 

POPULÆR KUNSTFORM: Teikningar er eit fast innslag i UKM.
POPULÆR KUNSTFORM: Teikningar er eit fast innslag i UKM.

Dei som er yngre enn tolv plar kvi seg mindre med å framføra ting på scena. 

– So vert dei gjerne meir sjølvkritiske og skeptiske når dei vert eldre. Men me ynskjer å få opp gjennomsnittsalderen på UKM-deltakinga her i kommunen.

Men mindre born er velkomne til å vera med på mønstringa i mars sjølv om dei ikkje får koma på seminaret i slutten av januar. 

Blant tilboda i seminaret er kurs innan låtskriving, foto, maling, drama, kreativ skriving og videoredigering. I tillegg vil det vera mogleg å melda seg på ensemble- og bandseminar, og danse/koreografiseminar. 

ENSEMBLEVERKSTAD: Ein av verkstadene som kulturskulen vil arrangera om det vert nok påmeldingar, er kursing i å spela i ensemble. 
ENSEMBLEVERKSTAD: Ein av verkstadene som kulturskulen vil arrangera om det vert nok påmeldingar, er kursing i å spela i ensemble. 

Å vera med på dei ulike verkstadene vil vera gratis, takka vera løyvingar frå fylkeskommunen og frå UKM sentralt. Men det er ikkje sikkert at alle dei ovanfor nemnde verkstadene vil verta arrangerte. 

– I fyrste omgang må me gjera workshopen kjent for ungdommane, og undersøkja kva type workshop det er mest interesse for. Når me har fått inn alle påmeldingane, ser me kva type kurs me kan få i stand og hyrer inn instruktørar, seier kulturskulerektoren.

Fristen for å melda seg på seminaret, som skal vera siste helga i månaden, går snart ut. 

– Ikkje tenk at UKM fyrst og fremst er ein konkurranse

– Mange kvir seg med å opptre med musikalske innslag utan å ha med seg akkompagnement. Terskelen for å vera med går ned når dei får levande komp, seier Øren.

AKROBATIKK: Ein kan utforska kva kunstform som helst på UKM. 
AKROBATIKK: Ein kan utforska kva kunstform som helst på UKM. 

Difor har kulturskulen i år sytt for å få med vaksne frå lærarstaben til å stilla i husbandet. For dei som eventuelt skal syngja eller spela i fylkes- og landsmønstringa, vil eit slikt husband vera ein realitet også der. 

– Kva vil du seia til dei ungdomane som kvir seg med å melda seg på seminaret?

– Eg tenkjer at ungdomane må få vekk fokuset på at UKM er ein konkurranse. Lokalmønstringa er ein fin sjanse å opptre på ei scene, utan at ein treng å tenkja på domarar og uttak til fylkesmønstringa.

OPPTRER I FELLESSKAP: Ein kan opptre åleine eller i eit heilt kor eller ensemble. 
OPPTRER I FELLESSKAP: Ein kan opptre åleine eller i eit heilt kor eller ensemble. 

UKM bytte namn for ei tid sidan. Medan det før stod for ungdomens kulturmønstring, står det no for ung kultur møtest.

Litt av føremålet med namnebytet var å fjerna fokuset på at mønstringa er ei tevling. 

– UKM er ein arena med ei profesjonell ramme der ein får synt fram talentet sitt for bygda. Mønstringa skal vera ein festkveld der ungdomane møter andre som driv med kultur i bygda. Saman skal dei syna fram den unge kulturen, seier kulturskulerektoren.

Til toppen