ROTLAUS UNGDOM: Gruppa Rotlaus frå Lærdal er blant dei tjue sceneinnslaga som skal representera Sogn på UKM i Høyanger i april.
ROTLAUS UNGDOM: Gruppa Rotlaus frå Lærdal er blant dei tjue sceneinnslaga som skal representera Sogn på UKM i Høyanger i april. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

UKM: Desse skal representera Sogn på fylkesfinalen i Høyanger

Om drøye to veker skal talentfull ungdom frå heile fylket i aksjon på scena i Høyanger. Sjekk lista frå Sogn her!

Høyanger: Fylkesfinalen i Ung Kultur Møtest vert i år arrangert i Høyanger 13.–15. april. Nær 230 ungdommar frå 13 til 20 år skal delta både på og bak scena.

Frå Sogn er tjue sceneinnslag, to dans og resten musikk, og tolv kunstverk representerte (sjå lista under).

Ein fagjury skal plukka ut kven som skal representera Sogn og Fjordane på den nasjonale UKM-finalen i Trondheim i juni.

Medieelevar ved Sogndal vidaregåande skule vil stå for ein fleirkamerproduksjon frå framsyningane, og denne vil bli strøyma direkte hos NRK Sogn og Fjordane.

Både sceneframsyningane og utstillinga er ope for publikum.

Desse skal representera Sogn på fylkesmønstringa i Høyanger:

Sceneinnslag:
Banansplit (Lærdal) med House of the Rising Sun
Fjernlys (Lærdal) med Road
TJ Hamre (Lærdal) med Quantim
Inger Johanne Kaardal (Lærdal) med diktet #metoo
Amalie (Lærdal) med Hear Me
Twang jr (Lærdal) med Groove
Thea og Selina (Årdal) med Endless
Cactus (Årdal) med Nostalgia
Elitemessing (Årdal) med Gimme Some Lovin
Tetanuz (Årdal) med Cthulu Rise og Sleepless
Pernille Hæreid (Leikanger) med Back to Black
Ronja, Gunn Marit og Gjest (Sogndal) med Murder Song
Peter Sætre (Sogndal) med The Greatest
Cats (Sogndal) med Cats (dans)
Jacob’s Dream (Sogndal) med Oblivescence
Dordi Boksasp Lerum (Luster) med Farvel min venn
Thunderstars (Aurland) med Enhjørning
Aira, Nora, og Sara (Aurland) med Bohemian Rhapsody
Marie Hoel-Hansen (Aurland) med I'm Yours
Lena og Hedda (Aurland) med Incapable (dans)

Kunst:
Runa Måseidvåg (Lærdal) med sekk i dongeri
Dominika Karolina Potoczanin (Lærdal) med All the way down
Ingvar Rudningen Opdal (Lærdal) med Blekksput
Margit Brooks (Lærdal) med Skrekk og gru
Beatrice Juskaite (Årdal) med meetingatalunchbrake
Elisa Nesse (Årdal) med Fjedle
Frida Hjelle Lidal (Årdal) med Problemløysaren
Tirill Jevnaker Grytbakk (Årdal) med Skoglysning
Aurora Ådland (Aurland) med Fjord og fjell og Pondus
Kine Haugeplass (Aurland) med Color
Ida Julusmoen Bakk (Aurland) med Eg ser deg
Iselinn Bjørnevoll (Balestrand) med Sjå mellom fingrane

Til toppen