KJEM TIL SOGN: For første gong vert UKM-festivalen arrangert i Sogn. Her frå den lokale mønstringa i Årdal i 2013. Foto: arkiv.
KJEM TIL SOGN: For første gong vert UKM-festivalen arrangert i Sogn. Her frå den lokale mønstringa i Årdal i 2013. Foto: arkiv.

UKM-festivalen til Sogn for første gong

Etter tre år i Nordfjord og fire år i Sunnfjord legg UKM-festivalen endeleg turen innom Sogn.

I dag vart det kjent at Høyanger vert vertskap for neste års fylkesfinale i Ungdommens kulturmønstring, som no går under namnet UKM-festivalen. Det er første gong at Sogn tek på seg dette ærefulle oppdraget. 

Arrangementet går av stabelen første og andre april i 2017. Det er venta at 300 ungdommar frå heile fylket vil setje sitt preg på Høyanger den helga. 

UKM er ein møteplass der unge kunstnarar kan vise seg fram, lære og bli inspirerte av kvarandre. Karpe Diem, Eva Weel Skram, Jaga Jazzist og Odd Nordstoga er blant fleire kjente artistar som har delteke på UKM i starten av si karriere.

Det var fem arrangørar som melde seg då Sogn og Fjordane fylkeskommune lyste etter ny arrangør sist vinter. Valet fell på OnCue Music Productions frå Høyanger, som mellom anna var teknisk arrangør for Julelutt i 2015.

– Det kjem til å bli ein veldig bra festival, skriv Eva Kristin Svidal, fylkeskontakt for UKM i Sogn og Fjordane fylkeskommune, i ei pressemelding.

 

Til toppen