Høyanger: – Vi synest det er kjekt å vere med på UKM. Dersom ein går vidare til fylkesmønstringa får ein også treffe mange ungdommar frå andre delar av fylket, og det er moro, seier Sara Ueland (16) i dansgruppa Passion.

BILDESERIE
UKM i Høyanger: – Ein sjanse til å få vise fram det vi driv med
Kring 40 ungdommar synte fram både kunst og sceneinnslag under Ung Kultur Møtes (UKM) i Høyanger. Ungdommane meiner det er viktig å ha ein arena der alle som ønskjer får syne fram kva dei kan.