VIDARE: Desse jentene frå Årdal og mange fleire frå same kommune og Lærdal skal delta på fylkesmønstringa i Førde i helga. Foto: Andreas Aannevik.
VIDARE: Desse jentene frå Årdal og mange fleire frå same kommune og Lærdal skal delta på fylkesmønstringa i Førde i helga. Foto: Andreas Aannevik.

UKM-ungdom møtest i Førde

Denne helga skal ungdom frå Årdal og Lærdal konkurrere mot andre ungdom i fylket når UKM vert arrangert i Førde.

Årdal/Lærdal: Laurdag og søndag samlast ungdom frå heile fylket i Førdehuset for å delta på sceneframsyningar og utstilling. Alt vert ope for publikum.

Unge konfransierar skal leia framsyningane, og i kulissane er det unge arrangørar med. Alt vert filma og fotografert av UKM Media med elevar frå MK-linjene ved Sogndal og Hafstad vidaregåande skule.

Frå Lærdal var det 13 bidrag som gjekk vidare, medan Årdal er representert med er representert med ni bidrag. 

UKM skal vere ein møteplass for ung kultur der ein kan treffe og bli kjend med ny vener, utfolde seg og få nye erfaringar. Workshops og ulike sosiale aktivitetar er difor også ein viktig del av programmet. 

ALDRI VIDARE: Iselin Solheim gjekk aldri vidare til fylkesfinalen, men har likevel klart å slå gjennom med låta «Faded». I helga sit ho i juryen.
ALDRI VIDARE: Iselin Solheim gjekk aldri vidare til fylkesfinalen, men har likevel klart å slå gjennom med låta «Faded». I helga sit ho i juryen.

Iselin Solheim i juryen

Iselin Solheim, som i desse dagar kan høyrast på den internasjonale hitten «Faded», har vore med fleire gongar sjølv. Denne helga sit ho i juryen.

– Eg gjekk aldri vidare til fylkesarrangementet, men syntest det var kjekt og ei god erfaring og jobba vidare mot artistdraumen. Håpar det kan vere til inspirasjon for dei som deltek no, seier ho i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

– Eg tenkjer eg vil forstå ungdommane godt, all spenninga og gleda ein kjenner på både før ein går på scena og etterpå.

Eige husband

For første gong blir det også eige husband som skal spele saman med fleire av deltakarane som erstatning for playback. 

Nytt i år er også at ein kan møte mange av dei på eit eige arrangement på Skywalken i Førde sentrum laurdagen under festivalen.

Når helga er omme, skal 30 deltakarar ha blitt plukka ut til å representere Sogn og Fjordane i landsfinalen i Trondheim i juni. 

Til toppen